søndag 30. juni 2013

Göteborg-bloggen - andre bolken

Andre dag her i Gøteborg gav oss slikt ver som me ikkje er vane med her - og som me slett ikkje vil ha: me fekk både godt med vind og nokre kraftige regnskyll, sjølv om me også såg sola. Men ganske store delar av dagen var det etter måten hustrig, for ikkje å seia haustleg.

Absolutt brukande ver for vestlendingar, med andre ord:

Sondre Rinde (G15) nærmar seg 13-meteren i tresteg med godkjende vindforhold. Lørdag blei det 12,96 (1016 poeng) då Sondre gjekk heilt til topps i konkurransen. Det er også ti centimeter betring av eigen klubbrekord for Sondre.

Klubbrekord blei det også på Pål Haugen Lillefosse (G12) på 80 meter. Pål sprang på sterke 11,01 (975 poeng) og betra dermed vårt fremste sprint-ess Amund Høie Sjursen si tid frå 2008 med eit kvart sekund.

I fjor var det særs gode forhold og ei røys gode tider på 1500 metrane lørdagen. I år var det tøffare forhold og færre persar. Anders Strømblad Hansen (G19) fekk i allle fall seg ein årsbeste med 4:19,99 (860 poeng).

Håvard Rinde (G12) sprang sin 80 meter på 11,56 (854 poeng), medan Anna Evensen (J13) var jamngod med Håvard, med sine 11,55 (og 853 poeng) på same distanse.

Og Gjert Høie Sjursen (G13) kom seg ned på 11,19 på sin 80 meter (826 poeng).

***

Heilt til slutt: Det skjer ting også i Byrkjelo i helga, der det er kretskamp og sparebankleikar. Me noterer at Eirik Leikvoll (G15) tangerte sin sesongbeste i stav med 3,40 lørdag (965 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar