tirsdag 25. juni 2013

Innan VU-spelen

Eg er veldig glad for at Peter, Tom Roger og - først og fremst - Trine har gjort jobben enkel for meg denne gongen: Trine har laga oversikt over alle Gneist-utøvarane i Världsungdomsspelen i Göteborg komande helg: kven dei er, kva dei skal vera med på og når dei skal vera med.

Den lokale troppen til VU-spelen har berre auka dei siste åra, sidan familien Iden rådde grunnen åleine i 2009. No er det mange og det er også mange som kan koma til å markera seg (kraftig).

Når det gjeld vermeldinga, så har vel den aldri vore mindre lovande i det vest-svenske enn nett i år. Men det kan no bli brukbart for ganske mange, slik innimellom. Men både då familien Iden var på plass i 2009 og då eit par familiar til stilte i 2010 var det knallblå himmel og sterk sol heile helga. Det blir det neppe i år.

Spesielt glad for at andre har laga oversikten denne gongen er eg naturleg nok fordi det er idrettsleikar på Fana Stadion heile dagane fram til avreise: 92 ungar frå 5 1/2 til 12 år dominerer på og rundt Fana Stadion. Det er litt av eit syn!

HER er oppslaget på Gneist sine nettsider om deltakarane i Gøteborg. Til høgre på den sida finst ei pdf-fil med starttidspunkt for dei enkelte utøvarane i tillegg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar