lørdag 8. juni 2013

KM dag 1 - bølgja held fram

Vel, eigentleg skulle innlegget etter KM dag 1 hatt tittelen "Welcome home", men det brukte eg opp i går kveld medan eg venta på resultatlista.

Lørdag kveld ligg så resultatlistene føre for både dag 1 og dag 2 av årets KM på Fana Stadion, men som ofte er tilfelle så manglar det ein del vindmåling i første utgåvene av resultatlista. Irriterande for statistikarar  - og for dei som persar. For vinden var nok meir enn grei nok fredagskvelden, vil eg tru. Reknar med at det kjem i endeleg versjon.

Men, dette med bølgja: Me har nokre sterke namn i Gneist (og BFG-)-miljøet no. Men når me har hatt éin sterk utøvar som har sletta ei røys gamle klubbrekordar, så kjem det likevel gjerne ein ny og gjer det endå betre. Kristoffer Blücher sletta nyleg Henrik Irgens Gravdal sin sterke 800-rekord frå i fjor, til dømes, og fredag kveld var det Pål Haugen Lillefosse (G12) som braut rekka av sprint-rekordar i G12 som Kristoffer sette for to år sidan, då Pål sprang 200 meter på 27,23 (1031 poeng)!

Så, bølgja held fram.

Og sjølvaste "the Wave" - Anders Bjørndal (G18) er alt nemnt. Med 4:14,94 (909 poeng) på 1500 kvalifiserte han seg altså til junior-NM.

Sanne Myrmel (J14) persa i stav til 2,57 (908 poeng). (Sanne er forresten kvalifisert både til UM og junior-NM i 2014.)

Håvard Rinde (G12) fekk notert 8,61 i kule (812 poeng).

Og Nora Øvergaard Aarvik (J14) sprang på 28,80 på 200 meter - men førebels utan vindmåling.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar