søndag 16. juni 2013

Tyrvinglekene dag 2

Henrik var der igjen - på Nadderud Stadion. Søndag kjem han også. Då skal han kasta glas over stemnet, sjølv om han ikkje spring sjølv. Er sportsredaksjonane oppegåande, så kjem dei og lagar ein rundtomkring-reportasje med Henrik.

Det finst berre éin Henrik (eller kanskje av og til to).

Lørdag sette Henrik (Irgens Gravdal, G15) ny stemnerekord på 800 meter i G15 med 1:57,75! (1110 poeng!) Med det sletta Henrik også Rodgeir Vigestads eldgamle klubbrekord på 1:58,2. Det er 1,1 sekund ned til kretsaldersrekorden og nokre tidelar til ned til aldersrekorden i G15.

Pål Haugen Lillefosse (G12) hadde ein ny strålande friidrettsdag: På 200 meter hekk blei det 30,24 (1153 poeng), og over sekundet betre enn Sondre Rinde sin gamle klubbrekord frå 2010. I stav svinga Pål seg over endå ein ny rekord - 3,40 (1136 poeng). Og dermed sette også han ny stemnerekord - like så godt i G13. Det betyr at Pål til neste år må slå seg sjølv for å setja ny stemnerekord under Tyrvinglekene. Seinare på dagen sette Eirik Greibrokk Dolve ny norsk juniorrekord i stav (5,14) på Nadderud. Me får minna om at Pål ligg godt framfor Eirik sine høgder på same alder.

Renate Lie (J15) presterte eit offensivt 800 meter-løp, då ho persa med nøyaktig to tidelar til 2:18,29 (1003 poeng).

Gjert Høie Sjrusen (G13) er det nærmaste me kjem ein Gneist-sensasjon dette året. Kastkongen vår vann like så godt lengde under Tyrvinglekene med 5,27! (984 poeng). Men han har ikkje heilt gløymt kasteigenskapane: I slegge blei det 37,36 (1003 poeng - og klubbrekord) og i kule 12,56 (943 poeng).

Monika Benserud (J17) sletta Sandra Tennøy sin åtte år gamle klubbrekord i tresteg (11,56), då ho lørdag kom seg over 12 meter - til 12,13 (993 poeng).

Kristoffer Blücher (G14) heldt på sin 200 meter hekk fram med å halda eitt år yngre Jakob Ingebrigtsen (godt) bak seg. Kristoffer si tid blei 29,54 (979 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) tangerte høgde-hoppet frå Torvastad på 1,55 (977 poeng).Nora sprang elles 60 meter på 8,70 (878 poeng).

Anna Evensen (J13) har hoppa lengde både på Bislett og på Nadderud. Og ho hoppar lengre og lengre. No blei det 4,89 (976 poeng).

Elina Drivenes (J16) kom seg ned på 2:21,71 på 800 meter (914 poeng).

Charlotte Harris (13) hoppa 4,20 i lengde (832 poeng).

Ny pers blei det på Ole Martin Røssland (G18) på 800 meter. Tida blei 2:05,86 (813 poeng).

Til sist:
- Svært gode prestasjonar med for mykje vind på Sondre Rinde (G15) på 100 meter hekk (14,40) og Gjert Høie Sjursen (G13) på 60 meter (8,22).

- Og eit sterkt resultat på 4 x 60 meter stafett i G10-12. Kvartetten Hans-Magnus Haukøy, André Seliussen, Håvard Rinde og Pål Haugen Lillefosse var med 34,47 tett på klubbrekorden til den sterke firarbanden Casper Stenersen, Henrik Irgens Gravdal, Sondre Rinde og Kristoffer Blücher.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar