Ah, det var ei gledas melding som tikka inn frå Lillehammer søndag ettermiddag: Amund Høie Sjursen (G17) hadde endeleg hatt marginane med seg og kvalifiserte seg til U18-VM i Ukraina! Det gjorde han med å springa på sjølve kvalifiseringskravet på 100 meter, 10,89. Det skjedde i A-finalen under Veidekkelekene i G17. Under forsøket tidlegare på dagen var Amund heilt nede på 10,83, men for n'te gong med for mykje medvind (+3,6). Men til sist lykkast han altså! (Løpet er også verdt heile 1103 tyrvingpoeng og er naturleg nok klar betring av Amunds eigen klubbrekord i G17 i Gneist - frå 11,00.)
Monika Benserud (G17) må finna seg i å stilla i skuggen av Amund denne gongen, men ho sprang også ein solid 100 meter. Tida blei 12,42 (1028 poeng).
Sondre Rinde (G15) persa med nokre hundredelar på sin 100 meter, men det var eit par hundredelar for lite til å bryta 12 blank-grensa. Tida blei altså 12,01 (989 poeng) på Sondre.
Broder Håvard Rinde (G12) hoppa 4,41 i lengde (892 poeng).
Ein annan bror - av Amund - Gjert Høie Sjursen (G13) fekk representera Sjursen i medvindsfløyen. Han sprang 100 meter på 13,26 (+2,7).
Og i Team Johan Sørstrønen var det to Bjarg-jenter som presterte på 100 meter i J18/19. Elise Una Mikkelsen vann på 12,52 og Sara Berrefjord blei nr. 3 på 12,57 i finalen, men Sara var nede på 12,55 i forsøket. No er der bra kvalitet både i topp og breidde på 100 meter i BFG-leiren.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar