lørdag 22. juni 2013

Rindar i vinden- Veidekke dag 3

Det er stille lørdag kveld i Søvikheia. Kontoret mitt er mellombels blitt mobilt og flytta opp i stova. Det er stille - eller: nesten stille. Eller berre litt stille. Eller ikkje stille i det heile. For i the Sounds of Silence kjem glade lydar frå nokre av Norges fremste juniorløparar. I kveld har dei fri - og legg knapt nok merke til at det innimellom striregnar.

No veit eg ikkje så mykje om det har vore striregn på Lillehammer - men eg veit at det er ein viss fare for det. For det er Austlandet (og vestlege Sverige) som er Det nye Vestlandet vermessig. Lågtrykka kjem ikkje lengre berre frå vest, no kjem dei frå sør-aust også.

No ja. Til idretten på Lillehammer lørdag:

Vilde Lund Bjørnsen (J17) sprang ein habil 400 meter, men i superslag er knapt Vilde enno. Tida hennar blei 59,35 (948 poeng) - som er sesongbeste.

På mange måtar er det brørne Sondre (G15) og Håvard Rinde (G12) som pregar listene sett med lokale auge lørdagen. Sondre persa til 5,91 i lengde (948 poeng) og kan bli Gneist og BFG sin andre over 6 meter (Amund Sjursen er jo over 7) i 2013. Sondre sprang også eit sterkt 100 meter hekk-løp, heilt ned på 14,20. Men, som på Nadderud for ei veke sidan, det var for mykje medvind (+3,2).

Håvard hoppa 1,30 i høgde (860 poeng), tangering av innehøgda til Håvard. Også han var uheldig med vindforholda på løp. I finalen på 60 meter blei det 8,73 (+3,1).

Der set eg strek - til Girl Power frå hagen som akkompagnement.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar