fredag 28. juni 2013

Endeleg Norna-karusell

Jada, for me har jo venta på at Norna-Salhus skal koma i gang med karusellane sine. Dei set me pris på! Dette er eit veldig godt stemnetiltak lokalt, ikkje minst i sommarperioden.

Men eg har også venta på resultatlista frå første karusellen onsdag. Den kom i natt og er blitt fortært til lunsj her i Gøteborg:

Kristoffer Blücher (G14) sette endå ein norsk aldersrekord onsdag. Det gjorde han på 300 meter, der han fekk tida 38,35 (1099 poeng - og Espen Liland hadde elles den gamle klubbrekorden, på 39,67 frå 203).

Tobias Allers-Hansen (G10) hoppa heile 1,15 i høgde (930 poeng). Han fekk også til 3,57 i lengde (84 poeng).

Stian Norheim (G17) forsøkte seg på junior-NM- kravet på 3000 meter (9:14,99) og hadde ein god hare i Bjarte Eikanger. 9.15 blei for sterkt, men 9:25,75 er i alle fall pers med fem sekund (930 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) sprang 60 meter denne gongen og fekk tida 7,80 (892 poeng).

Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) nærmar seg og nærmar seg 2 blank-grensa på 800 meter. 2:00,44 er den nye persen på (884 poeng).

Aleksander Lie (G17) tok eit nytt positivt steg, då han sprang 800 meter på årsbeste, 2:05,56 (854 poeng).

Jenny Rajkumar (J11) fekk til 3,57 i lengde (836 poeng).

... Og så fekk eg sjå eit glitrande (om enn "ulovleg") 3000 meter-løp av André Seliussen (G12). André fullførte på sterkt vis og fekk tida 10:46,68 - som nesten må noterast som klubbrekord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar