fredag 28. juni 2013

Göteborg-bloggen - första delen

Då er første dagen av Världsungdomsspelen her i Göteborg over - og IL Gneist held fram med å markera seg - no også utaskjers.

Ein av dagens aller sterkaste prestasjonar stod Pål Haugen Lillefosse (G12) for, då han vann 60 meter hekk på 9,49. I Sverige er hekkeavstanden i øvinga noko annleis enn i Norge, men likevel er dette ei kanontid av Pål. Håvard Rinde følgde opp med 3. plass (ja, Pål vann) i øvinga med 9,95.

Kristoffer Blücher (G14) held fram med å setja nasjonale aldersrekordar. Denne gongen sneik han seg to hundredelar under Karsten Warholm sin tre år gamle G14-rekord på 300 meter hekk. Tida til Kristoffer blei 41,85 (1131 poeng).

Kristoffer tok med det 5. plassen i G15-klassen, der Sondre Rinde (nettopp, G15) tok bronsen med si tid på 41,00 (1092 poeng). Tida er seks hundredelar bak Marius Benserud sin klubbrekord.

Neste på lista mi har eg nær kjennskap til: Torsdag kveld var det mindre enn 50 % sjanse for at Anna Serine Røssland (J16) skulle springa 1500 meter hinder her i dag. Ho kjenner både på ein skade og er godt forkjøla. Men ho endte opp med å stilla til start og sprang eit habilt hinderløp under forholda. Ny pers på Anna Serine er 5:21,30 (også klubbrekord i J16) - 1017 poeng.

Broder Ole Martin Røssland (G18) har ikkje fått ting til å klaffa som han har ønskt i vårsesongen, men fredag blei eit sterkt gjennomført 5000 meter-løp. Tida blei 15:36,89 (989 poeng).

Andreas Iden (G18) har hatt ein endå tyngre vår enn Ole Martin og fekk eit 5000m-løp også han det er muleg å bygga vidare på. Tida til Andreas blei 15:54,70 (962 poeng).

Monika Benserud (J17) betra årsbeste i lengde med éin centimeter under lengdekvalifseringa - til 5,30 (947 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) var heller ikkje denne gongen heldig under eit 1500 meter hinder-løp. Fredag kveld opplevde ho at ein av konkurrentane braut rett framfor henne ved vassgrava, som gjorde at Thyra fekk fullstopp sjølv. Likevel blei det ny pers med 5:36,67 (946 poeng).

Eit svært gledeleg resultat fekk me med pers på 800 meter for Aleksander Lie (G17). Aleksander blei nemnt i førre blogginnlegg med ein fin årsbeste under Norna-karusellen på Fana Stadion onsdag. To dagar seinare blei det pers på distansen i Gøteborg, halvtanna år etter sist pers, inne i Leikvanghallen under Nornalekene i januar 2012. Tida til Aleksander blei fine 2:02,16 (916 poeng).

Alt nemnde Håvard Rinde (G12) støtte fredag kveld kula 9,40m (886 poeng) - eit særs verdfullt kastresultat i Gneist.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar