tirsdag 4. juni 2013

UM - kvalifiseringsoversikt

Det er til vanleg slik at ein har ganske god oversikt over kvalifiserte til meisterskap alt sesongen før det aktuelle meisterskapet. Det kjem av at ein prestasjon eitt år gjeld for kvalifisering også komande år. Dermed er det berre mindre justeringar som kjem det aktuelle året.

Til UM er det likevel eit ekstra moment, nemleg det at utøvarane må kvalifisera seg for nett den øvinga dei skal delta i. (Dette er annleis enn i junior- og senior-NM, der det held å kvalifisera seg for ei øving for å kunna delta i kva ein vil.) Dermed er det også spenning om alt kvalifiserte utøvarar klarer fleire øvingar før endeleg frist.

Årets UM på Lillehammer går først 6. - 8. september, så her er mange stemne å prestera i framleis.

Men alt så langt i utesesongen har talet på kvalifiserte frå Gneist Friidret gått opp frå 26 til 28 utøvarar. Dei to siste på lista mi er Jens Larsen Åstveit og Vilde Omholt. I tillegg har eg notert meg at Thyra Hevrøy og Eline Myking er nye på 800 meter og Maren Haugen Lillefosse er (sole-)klar på 80 meter hekk.

Heile lista ser slik ut:

GUTAR

G18/19
Anders Strømblad Hansen (3000m)
Andreas Iden (3000m)
Ole Martin Røssland (3000m)
Erlend Gjerdevik Sørtveit (800m, 3000m)
G17
Magnus Leikvoll (stav, høgde)
Aleksander Lie (800m)
Stian Norheim (3000m)
Håvard Våge Opheim (stav)
Amund Høie Sjursen (100m, høgde, lengde, tresteg)
G16
Henrik Almenningen (lengde, tresteg, spyd)
Emil Engelsen Holm (100m, 200m)
Stian Øvergaard Aarvik (800m, 3000m)
Jens Larsen Åstveit (800m, 3000m)
G15
Henrik Irgens Gravdal (800m, 2000m)
Eirik Leikvoll (høgde, stav)
Sondre Rinde (100m, 200m, 100mh, 300mh, lengde, tresteg)

JENTER

J18/19
Marianne Benserud (200m, tresteg, stav)
Vilde Omholt (800m)
J17
Monika Benserud (100m, 200m, lengde, tresteg, stav)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m, 800m, lengde)
J16
Elina Drivenes (200m, 800m)
Thyra Hevrøy (800m, 300mh)
Ingrid Næss Johansen (800m)
Eline Myking (800m, høgde)
Ingrid Helene Nyhus (800m)
Anna Serine Røssland (800m)
J15
Renate Lie (100m, 200m, 800m)
Maren Haugen Lillefosse (100m, 200m, 80mh, lengde)

Dermed er det 16 gutar og 12 jenter som er kvalifiserte. Og i og med at det er fri påmelding i eit par øvingar der me har aktuelle kandidatar (J15 i praksis), så kan me nok plussa på eit par utøvarar til på lista.

**

Til UM i Haugesund i 2014 er det kome til fem nye utøvarar sidan sist, slik at talet her alt no er på 25 utøvarar. 2014-gjengen halar med andre ord innpå dei som skal på tur i 2013. Kristoffer Blücher (G15 i 2014) er alt komen opp i seks øvingar han er kvalifisert for.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar