onsdag 19. juni 2013

PU-ferie

PU-gruppa i Gneist avslutta vårsesongen med deltaking nr. 2 i Gneist sin Sommarkarusell. Me var nokre færre utøvarar med under løp 2, samanlikna med løp 1, men tida blei endå betre. Det kan nok ha å gjera med at underteikna blei erstatta av to habile ungdommar på mellomstrekket. Kven veit.

Uansett var det strålande innsats av dei åtte som stilte: Martine fekk sjarmøretappen frå start, rundt banen, og denne gongen fekk me den starten me fortente! Martine gav pinnen til Fredrik, like utanfor banen, som forserte parkeringsplassen utanfor Fana Stadion, kryssa hovudvegen og fann Daniel på 3. etappe. Daniel kan denne etappen ut og inn no og fann debutant Sina lenger oppe på fortauet utanfor stadion. Han fiksa 4. etappen greitt, kom seg heilt ned til og over krysset til Fanavegen, der Adrian stod og venta på pinnen for 5. etappe. Adrian kunne nok ha sprunge mykje lengre, men her gjeld det om å bli kjent med løypa. Kjent med løypa er i alle fall Gina, som har hatt etappe i nærleiken av mandagens fleire gongar alt. Ho sprang av garde og overleverte pinnen til assistent Ole Martin, som saman med Andreas tok seg av mellomstrekket denne gongen. Oppe i lia over Byggern, stod først Heine og deretter ankermann Henrik tålmodig og venta. Men du verda for ein fart dei sette opp då pinnen kom. Henrik imponerte som sistemann og var det opp til han så ville han ha sprunge i mål resten av kvelden.

Strålande!

Under her er dei aller fleste av gjengen samla. Assistent Vilde prydar biletet til venstre, dei assistentane som sprang heldt seg noko smålåtne i bakgrunnen.



Men me manglar jo ankermann Henrik her... Kor blei han av? Jo da, stadig på farten, ut av biletet og på veg mot nye løp:



God sommar!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar