Me ser nærare éi øving i fire ulike klassar denne gongen - alle øvingane i løp.
Johannes Gjeraker i G17 er påmeldt 200 meter. Det er tilsaman 29 påmelde. Johannes sprang på 25,13 utandørs i 2010. Det er eit stykke bak dei aller sterkaste i klassen (som er sterke).
200 meter spring også to av jentene i J16. Det er 45 påmelde og, basert på fjorårsstatistikken, er Maren Risøen rangert som nr. 26 av desse, med sitt resultat på 28,89 i 2010. Stine Therese Hovland er noko bak der igjen, med 29,74 frå utandørssesongen i fjor.
Hedda Magnerud i J17 er ei av 11 jenter påmeldt. Hedda var nr. 21 utandørs på distansen i fjor, noko som rangerer ho som nr. 8 av dei 11 påmelde på Ranheim. Også her er dei aller beste svært gode, men det er tett like framom Hedda på fjorårsstatistikken.
Til sist i dag er me komne fram til den nest lengste distansen for G15, 800 meter. Her er det 26 påmelde lørdag ettermiddag. Begge Gneist-deltakarane er rangert på øvste halvdel. Aleksander Lie har 4. beste tida (2:07,66) frå 2010 av dei påmelde, tett bak dei framfor. Aleksander er heilt klart medaljekandidat i øvinga. Stian Norheim er rangert som nr. 10 (2:18,51), noko som truleg plasserer han i det nest-beste av dei fire heata. Heat-siger kan i så fall vera eit mål?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar