Etter ein dags pause med kakeeting og festivitas i bloggeheimen held me fram med førehands-studeringa av inne-UM. I dag er det fire særs interessante øvingar, der spenst/teknikk er involvert i alle fire.
Først Jenter 15:
I stav er det fem påmelde deltakarar og det finst ein klar gullfavoritt og ein like klar sølvfavoritt. Lene Retzius frå Moelven set aldersrekordar på løpande band og har 3,37 inne i vinter. Det er halvmeteren framfor inneresultatet til Monika Benserud (2,86), men Monika har 3,07 frå ute i fjor. Ingenting er bestemt på førehand, naturlegvis...
På 60 meter hekk er det derimot Monika som er klar favoritt. Ho er best inne i vinter med 9,12 og ho var klar nr. 2 ute i fjor, med 9,21. Då var ho berre knepent slegen av Mari Forbord Andersen frå Kristiansand, som ikkje er påmeldt UM. Det er totalt 16 påmelde i øvinga.
Så til to spennande øvingar for Jenter 16:
I høgde er det Marianne Benserud som er Gneist sin deltakar mellom dei totalt 13 som er påmeldt. Marianne var på delt 24. plass ute i fjor, med 1,40, men har betra seg til 1,50 inne i vinter, som gir ein delt 5. plass. Ei plassering mellom dei seks beste er såleis muleg, men det er mange gode høgdehopparar som stiller til start.
I stav blir det som vanleg spennande og to av dei fem påmelde er frå Gneist. Marianne Benserud er her i utfordrar-rolla til Laksevåg si Paula Llano. Paula enda på 3,36 ute i fjor, mot Marianne sitt hopp på 3,25. Inne i vinter har Marianne 2,94, medan Paula har vore over 3,20. Det er såleis tettare her enn i J15, men i utgangspunktet er det Gneist-utøvaren som er utfordrar også her. Samtidig er begge dei to som ikkje er frå Hordaland mellom deltakarane (frå høvesvis Orion og Urædd) svært habile stavhopparar som absolutt er å rekna med i toppkampen. Tina Therese Jenssen er også tett på toppsjiktet. Ho er jamn på hopp rett i nærleiken av persen på 2,76 frå ute/inne i fjor. (Det blei oppnådd i september i fjor, men inne i Høiehallen).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar