lørdag 1. september 2012

Lite smålåtne i heimen

UM på Ravnanger er i gang. Veret første dag var over forventning, det må seiast. Medaljefangsten til Gneist var om lag på pari - i forhold til førehandstipset, medan medaljefangsten i bloggarheimen var rett over pari:

Anna Serine Røssland (J15) beviste at førehandsvurderinga frå Tom Roger i Kondis var rett: Øving gjer meister, slo han fast, og eit sterkt hinderløp gav gull til Anna Serine. Ikkje berre det; tida 5:25,81 var pers med nesten fem sekund, betring av eigen klubbrekord og den førte også Anna Serine inn i 1000 poengs-klubben for aller første gong (1019 tyrvingpoeng).

Den andre Gneist-medaljen på dag 1 gjekk til broder Ole Martin Røssland (G17); med 9:02,58 på 3000 meter blei det bronse.

Emil Engelsen Holm (G15) viste styrke før favorittøvinga 200 meter, då han sprang inn til 12,15 i forsøket på 100 meter. Løpet gir 966 tyrvingpoeng.

Stian Norheim (G16) sprang eit godt hinderløp, i eit heat som starta svært bedageleg. Glitrande passeringar - ikkje minst av vassgravene - førte likevel Stian til ny pers til slutt (og 5. plass), med 4:47,78. Pers er pers, sjølv om denne var med fire hundredelar (957 poeng).

Ingrid Næss Johansen (J15) debuterte på 1500 meter hinder. Det gjorde ho på 5:41,50 (947 poeng).

Og så klarte Håvard Våge Opheim (G16) igjen å få ut eit godt nivå i eit meisterskap. Det blei 5. plass i stav med 3,01, som er sesongbeste (713 poeng).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar