fredag 14. september 2012

Kast-eliten

Ein skal ikkje kimsa av eit einaste av kasta som gjengen på Fana Stadion (grus og gras) gjennomførte torsdag kveld. Éin ting er at veret var utriveleg (det blei no mykje verre etterpå), ein annan er at alle kasta - uansett lengde - er viktige i seriesamanhengen. For Gneist er ingen kasteklubb (heller ikkje BFG), så me får vera glade for alt me får.

Aller gjævast var endå ein klubbrekord frå kast-einaren vår, Gjert Høie Sjursen (G12). Denne gongen var det i slengball. Han slengde ballen heilt til 34,54. Det gir 978 tyrvingpoeng og er betring av ein 42 år gammal klubbrekord med nesten åtte meter (26,72). Den var det trenaren til Martine Eikemo Borge, Johnny Aadland, som hadde...

Håvard Rinde (G11) betra persen sin i spyd til 24,95 (846 poeng). I slengball blei det 19,99 (789 poeng) og i diskos 19,72 (726 poeng). Så utanom i spyd var det kvelden for "nesten 20 meter" for Håvard.

Pål Haugen Lillefosse (G11) oppnådde 21,69 i slengball (840 poeng) og 18,30 i diskos (655 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G11) var også med i slengball, og oppnådde resultatet 18,02 (730 poeng). I diskos blei det 16,13 (546 poeng).

Viktige poeng plukka også jentene Charlotte Harris (J12) og Sara Tyssebotn Berg (J11):

Charlotte: 15,22 i diskos og 14,15 i slengball

Sara: 11,67 i diskos og 9,78 i slengball

Ein del veteranar var også i elden. Slengball-resultata deira let eg liggja (sjølv om eit par av dei var ganske gode), men både i diskos og i spyd noterer eg første BFG-resultata med skikkeleg vekt i år! (Det seier det meste om "kastklubben" BFG): I diskos blei det 25,15 på Jostein Lie, 21,09 på Arve Rinde og 20,58 på Trond Leikvoll. Trond kasta i tillegg 800gram-spydet til 25,44.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar