søndag 9. september 2012

NCC - dag 2

I vinden i Lonevågen blei det likevel fleire flotte Gneist-resultat andre dag av NCC-lekene for 13- og 14- åringar.

Henrik Irgens Gravdal (G14) hadde lagt bak seg 2. plassen frå 600 meter lørdag og var fullt fokusert på viktigaste øvinga, 1500 meter. Den vann han på ny pers, 4:16,03, nesten to sekund betre enn kanontida frå Tyrvinglekene i juni. 4:16,03 er verdt 1083 tyrvingpoeng og er berre 1,04 sekund unna junior-NM- kravet! (Og ja, det var Henrik som også hadde den gamle klubbrekorden...)

Sondre Rinde (G14) var ein annan i 98-gjengen som var i kanonform i helga. Med 28,35 (i god motvind) på 200 meter hekk blei det 1051 poeng og ny klubbrekord. Den gamle hadde Aleksander Lie frå 2010 (28,41). Dermed har Sondre hekke-klubbrekordane i G14 frå 80 meter, via 100 og 200 meter til 300 meter. Det stoppa ikkje med det for Sondre: Han hoppa også over 12 metersgrensa i tresteg. Han stoppa på 12,22 (1022 poeng), som er godt over Morten Benserud sin 13 år gamle klubbrekord (11,73).

Cathrine Harris (J14) var også i solid tresteg-humør: Ho hoppa 10,90 (1010 poeng). I tillegg blei det sesongbeste på 60 meter: 8,77 (859 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) sprang 200 meter hekk på 32,33 (932 poeng), og Eirik Leikvoll (G14) fekk opp 10,20 i tresteg (820 poeng).

NCC-lekene er ein kretskamp. Hordaland har vunne denne kretskampen veldig mange år på rad no. Eg har ikkje følgt med i sjølve kretskampen undervegs, men Hordaland må då ha vore (klart) best igjen...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar