søndag 30. september 2012

Kretskamp... No, ja...

Dei skal no uansett ha for initiativet, dei som stod bak kretskampen frå 15 til 19 år på Fana Stadion i helga, med til sist Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal på startstreken med ein god del utøvarar. (Sogn og Fjordane avstod).

Men det er klart, når arrangementet kjem siste helga i september, så har mange enten faktisk eller i alle fall mentalt teke til med sesongpausen og sjølve kretskampen blir no deretter.

Og såpass på hausten er det no gjerne haustver også: Stavhopparane flykta av gode grunnar innomhus og solide dusjar blei det innimellom på dei som våga seg utomhus.

For statistikarane blei det ei etter måten roleg helg: Svært få presterte persar eller årsbeste.

Eit heiderleg unntak i Gneist-samanheng var i alle fall Ingrid Helene Nyhus (J15), som satsa friskt på sin 1500 meter og blei lønna med ny pers på 5:04,57 (888 poeng), like under innomhus-tida frå Leikvang sist vinter.

Årbeste i lengde blei det på Vilde Lund Bjørnsen (J16) i lørdag, då ho hoppa 5,06 (913 poeng).

Elles presterte også Marianne Benserud (J17) eit par-tre årsbeste-resultat. Det blei 1,45 i høgde (842 poeng), 4,59 i lengde (798 poeng) og 9,99 i tresteg (779 poeng).

Og blir det ny kretskamp for dei eldste i 2013? Det gjenstår å sjå. Ideelt sett bør den leggast til eit betre tidspunkt, men så spør det om det finst betre tidspunkt? Uansett når eit nytt slikt arrangement måtte koma, så bør det annonserast langt tidlegare enn ved årets høve.

Det er eit lite tilbod eller to til på utomhus-terminlista, men elles er det sesongpause og deretter klart for lang oppkøyring til ny sesong - med eit interemesso innomhus.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar