lørdag 8. september 2012

NCC - dag 1

Då registrerer me som venta ein god bunke solide resultat frå Gneist-utøvarar under første dag av NCC-lekene for 13- og 14- åringar på Osterøy.

Aller først gratulasjonar til Sondre Rinde (G14), som senka pers og klubbrekord to gongar på 80 meter hekk: Først blei det 11,71 i forsøket, før han kom heilt ned til 11,56 i finalen. Det gir 1068 tyrvingpoeng i tillegg.

Renate Lie (J14) vann 600-meteren seinare på dagen, men større prestasjon var det likevel då ha kom seg under 27 blank på 200 meter: 26,97 er nye persen på (1010 poeng).

Heilt offisiell vindmåling har me vel ikkje fått på lengdehoppet til Cathrine Harris (J14), men det meste tyder vel på at det var innanfor lovleg måling. 4,97 er uansett årsbeste for Cathrine (941 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) var ein annan som braut ei viktig grense: Han hoppa nemleg over 5 meter i lengde: 5,05, som også er verdt 940 tyrvingpoeng.

Michelle Floor Heggeland (J13) pynta på sin 200 meter-pers. Den er no nede på 28,51 (936 poeng).

Berre ei lita veke etter broder Stians UM-bronse, så viste Nora Øvergaard Aarvik (J13) flott form. Ho oppnådde pers på 200 meter med 28,67 (924 poeng) og på 600 meter med 1:47,55 (866 poeng).

Perspynting blei det til sist også på Herman Hovland (G13) på 600 meter. Ny bestetid er 1:42,78 (784 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar