søndag 16. september 2012

Snakke sammen

I gamle dagar var eg borti ein idrett som heiter fotball. Eitt av uttrykka som heng igjen frå den tida er "snakke sammen" (eller "snakka saman", som det heitte på originalspråket mitt). Det gjekk på at spelarane måtte, nettopp, snakka saman undervegs i kampen, slik at god kommunikasjon kunne føra til godt spel.

Eg kom på det nett no, då eg såg siste nytt på terminlista no seinhaustes. Laksevåg IL - ja, dei lever no enno der ute på Laksevåg, ja - har sett opp seriestemne onsdag 26. september. Dersom det er nokon som synest det let kjent med den datoen, så stemmer det: Det er datoen for Gneist sitt tradisjonsrike (det er 4. gongen og såleis kjempetradisjon etter bergensk målestokk) løpsstemne.

Her har altså Laksevåg fått godkjent seriestemne nett same kvelden ute på Nygårdsmyren. Ei av hovudøvingane på Gneist sitt løpsstemne - der det er planlagt eit sterkt og godt felt - er 3000 meter. Og tru om ikkje laksevågingane har sett opp 3000 meter dei og, nøyaktig samstundes!

I fjor opplevde me at det gjekk ein 10.000 meter i Arna eine dagen og ein på Fana Stadion den neste. Overraskande nok var det ingen som deltok begge stader.

Er det ingen som koordinerer dette lenger? Eg meiner; av og til er det knapt tilbod av stemne nokon stad, andre gonger må ein klona seg for å kunna delta på alt.

Det einaste eg kan lova, er naturlegvis at stemnet på Fana Stadion den 26. september langt vil overgå det alle konkurrentar måtte ha å tilby! Naturlegvis.

Og no må medlemmene i friidrettsfamilien ta til å ta til vetet, både her og der og både på det eine og andre viset. Ein bør rett og slett ta til å "snakke sammen".

1 kommentar:

  1. Morsom intro, og ja, Fanas stevne ble nok det beste med god margin.

    SvarSlett