torsdag 20. september 2012

Jostein Lie på pallplass

Den ærverdige bedriftskarusellen til Hordaland Bedriftsidrettskrets susar vidare, med Kondis-reporter Tom Roger Johansen som primus motor. I kveld er ein komne til det 9. løpet i årets karusell - av totalt ti - og det går føre seg på, for mange av oss, vante trakter i Hordnesskogen.

Bedriftskarusellen er både ti enkeltløp rundt om i Bergen by og samtidig eit etappeløp der alle ti etappar tel med. Underteikna låg på ein solid 9. plass før familiekabalen gjorde at eg måtte kasta inn handkleet til Isdalen-løpet sist torsdag. (Det hadde altså naturlegvis ingenting å gjera med at Isdalen-løpet er karusellens lengste og tøffaste, nei då.)

Men så er me likevel representert i toppen: Fjorårs-trear Jostein Lie ligg an til ny 3. plass i år - to løp for slutt. Og då må det leggast til at han er godt framfor begge dei to som slo han i fjor. I år har ein av dei sterkaste karane frå tidlegare år klart å gjennomføra heile vegen (tidlegare har han måtta "stå av", ofte på grunn av skade), i tillegg at det har kome ein komet frå Søvikheia (som altså ikkje då er meg).

Jostein har 2 1/2 minutt opp til 2. plass, så ein er i overkant optimistisk dersom ein trur på avansement, men det er til gjengjeld nesten to minutt ned til 4. plass, så det skulle vera trygt også den vegen.

Ingrid Næss Johansen - frå bedriften IL Gneist - er heilt oppe på 5. plass totalt og suverent i leiing mellom kvinnene. Her har ho over fire minutt å gå på før dei to siste løpa.

Og så veit eg at det er mange som lever i villfaringa om at Bedriftskarusellen er fullbooka. Det stemmer ikkje; der er plass - god plass - så det er berre å setja frå seg stokken og koma...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar