tirsdag 4. september 2012

Krets vs. Forbund

Komande helg er det NCC-lekene på Osterøy. Då møtest 13- og 14- åringar frå Agder-fylka i sør til Sogn og Fjordane i nord til kretskamp på Hatland, Lonevåg. Det blir ei spennande og fin oppleving for ungdommane som er med.

Den kretskampen får me koma tilbake til. Her skal det handla om nyvinninga "kretskamp 15-19 år", som er blitt sett inn på terminlista siste helga i september. Det er ein kretskamp for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Den skal gå føre seg på Fana Stadion.

Alt dette er vel og bra og spennande.

Men: Lørdag 29. september er det samtidig nasjonalt meisterskap, nemleg NM/UM i terrengløp, lang løype, på Ås.

Det er, for å seia det mildt, ein smule underleg at fire kretsar rottar seg saman og arrangerer eit konkurrerande stemne til forbundet sitt nasjonale.

Dette er altså terrengløp i lang løype. Til overmål er kretskampen sett opp slik at den lengste distansen for mellom- og langdistansegjengen skal gå lørdagen, altså same dagen som terrengløp-meisterskapet, medan den kortaste distansen for dei er sett opp søndagen.

Min snart 90 år gamle onkel sitt favoritt-uttrykk er "hol i hovet". Eg kan vera tilbøyeleg til å meina at uttrykket her er på sin plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar