søndag 16. september 2012

Bergenslekene - eit tilbakeblikk

Då er Bergenslekene i mål, som det heiter, og resultatlistene er endeleg gjort tilgjengelege for oss alle. Det var mindre ver enn det som var meldt på førehand, men det var rikeleg nok, i alle fall med vind - og i alle fall for dei som er mest og minst glad i vind.

Ein del glitrande resultat blei det oppnådd likevel, på dette siste todagarsstemnet lokalt i 2013.

Først av alt: Henrik Irgens Gravdal (G14) som sprang på glitrande 5:54,09 på 2000 meter. Løpet er verdt heile 1116 tyrvingpoeng, som i seg sjølv er aller beste løpet for gutar i Gneist i 2012. I tillegg er det kretsaldersrekord (og naturlegvis klubbrekord) og 4. beste tida for 14-åringar på distansen i Norge gjennom "alle tider".

Kristian Schjønningsen (G13) betra seg på 200 meter hekk (i god motvind) til 31,80 (964 poeng).

Ole Martin Røssland (G17) fekk seg ein noko billeg klubbrekord på 2000 meter - den var ledig - då han sprang på 5:56,36 (953 poeng).

Håvard Rinde (G11) er også ein av desse som likar å springa i motvind... I alle fall blei det 10,77 på 60 meter hekk (946 poeng). I lengde hadde han derimot gode + 2,0 då han hoppa 4,18 (926 poeng).

Renate Lie (J14) sprang godt under UM-kravet på 100 meter i J15, då ho kom i mål på 13,46 (942 poeng).

Anna Serine Røssland (J15) hadde ei fin helg, der ho arbeidde hardt for å persa nærmast muleg med eitt sekund: På 800-meteren lørdag blei det 2:29,72 (831 poeng) - pers med 1 sekund og 1 hundredel. På 2000-meteren søndag blei det så 7:00,47 (942 poeng) - pers med nøyaktig 1 sekund.

Aleksander Lie (G16) sprang 200 meter hekk etter gammalt, og kom i mål på 29,23 (902 poeng). Noko meir overraskande er det at Aleksander også no er innehavar av klubbrekorden i G16 med 700 gram-spydet: 32,33 var nok til det - rekorden var ledig.

Gjert Høie Sjursen (G12) fekk god klaff i spyd, då han slengde det av garde heilt til 33,12 (902 poeng). Han har også hatt flott framgang på sprint i år, i tillegg til alle sine fine kastresultat. På 60 meter fekk Gjert 9,12 (805 poeng).

Cathrine Harris (J14) har vore i god haustform. I lengde blei det 5,12 (972 poeng), og ho pynta på bestetida si på 100 meter med eitt hundredel - til 14,10 (840 poeng).

Eirik Leikvoll (G14) oppnådde 4,82 i lengde (814 poeng).

* * *

... Og så gammalt nytt: Stein Fossen har spadd fram vindmålinga på Maren Haugen Lillefosse sitt løp på 200 meter hekk under KM på Fana Stadion 9. juni. Då sprang Maren på 30,64 (i +0,5). Løpet var verdt heile 1043 poeng og var berre nokre få hundredelar bak Monika Benserud sin klubbrekord.

Så no skulle me ha det.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar