søndag 2. september 2012

Bronsar gode som gull

Så er Askøy-UM historie. Arrangementet har verka framifrå sett frå sidelinja. Det har for så vidt undra meg at arrangøren av dei litt stusselege Askøylekene får til slike fulltreffarar som dette både ein og fleire gongar - no sist junior-NM i 2010 før årets UM. Og no står søknad om hovud-NM på trappene.

Gneist enda opp med tre bronsar i heile UM i Fredrikstad i fjor. I år blei det tre bronsar berre siste dagen. Det betyr at det blei 3 gull og 4 bronsar totalt - ein ganske formidabel framgang frå i fjor. Og den kjem til å bli endå større i 2013. Eg minnar om at 1998-gjengen - som blir UM-debutantar neste år - dominerer norgesstatistikken både for gutar og jenter...

Dagens bronsar:

Stian Øvergaard Aarvik (G15) sprang ein fantastisk 2000 meter, enda opp med 5:52,87, som er nest-beste 2000-meteren av ein 15-åring i Gneist-soga (bak Andreas Iden). Løpet er verdt 1054 tyrvingpoeng.

Amund Høie Sjursen (G16) tok ein velfortent bronse i lengde, med eit hopp på 6,59 i siste omgang. Amund hadde fleire knepent ugyldige hopp, som var minst like lange.

Og den tredje bronsen gjekk til Marianne Benserud (J17), som med 3,31 hoppa sesongbeste (1022 poeng).

Andreas Iden (G17) sprang ein særs god 800 meter, etter gammalt: Det var eit godt gjennomført løp, med to etter måten jamne og gode 400 meterar. Slutt-tida blei 2:03,41, pers med godt over sekundet (893 poeng).

Vilde Lund Bjørnsen (J16) oppnådde årsbeste på 200 meter, då ho blei nr. 5 med 25,66. Litt meir smålåten var ho i lengde, der det blei 4,80 og 9. plass (859 poeng).

... Og då er det å finna vegen til Lillehammer litt uti september neste år...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar