onsdag 26. september 2012

Tilbake til idretten: Henrik i skyene

Eg måtte nesten ut og ta han i lanken og gratulera skikkeleg: Henrik Irgens Gravdal (G14) sprang eit av tidenes beste norske langdistanse-løp av ein ungdom under 15 år under Gneist sitt løpsstemne onsdagskvelden.

Tida 9:06,01 er solid ny norsk bestenotering i Gutar 14. No er det berre åtte andre 14-åringar som står notert med 3000-tid, men det er til gjengjeld ingen smågutar: Thomas Solberg Eide (Gular) hadde best tid før Henrik knuste den. Eide si tid er på 9:16,5. Bak der finst Sondre Norstad Moen (Strindheim), som dominerer listene på lengre løp frå og med 15 år. Ein viss Henrik Ingebrigtsen hadde 9:20 som 14-åring og... Andreas Iden hadde 9:28. Det siste var også den gamle klubbrekorden i Gneist... Henrik får ikkje tyrvingpoeng på 3000 meter før han er 16 år, men onsdagskveldens tid er verdt heile 1016 poeng for 16-åringar. Det seier også sitt.

På 1000 meter blei det tett på målet for Renate Lie (J14). Målet var under 3 blank - ho hamna til slutt på 3:04,85, berre to sekund bak den 32 år gamle klubbrekorden til Beate Sejrup. Men tida er god, den er verdt 1041 tyrvingpoeng.

Ein bukett fine persar (men utan tyrvingpoeng) blei det på 100 meter:

Anna Evensen (J12): 14,45. Anna fekk i tillegg godkjent tid under 30 blank på 200 meter for første gongen: 29,91 (890 poeng).

Pål Haugen Lillefosse (G11), 14,41

Håvard Rinde (G11), 15,09

Gjert Høie Sjursen (G12), 14,21. I tillegg blei det årsbeste på pappa Geir Sjursen (12,41).

Thomas Blücher (G12) pynta på 600 meter-persen sin, frå 1:44,00 til 1:43,60 (880 poeng).





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar