fredag 28. september 2012

Fem til Ås

Surprise, surprise. Det er framleis idrett som går føre seg - midt oppe i all møte- og administrasjonsverksemd.

Lørdag er det UM/NM i terrengløp, lange løyper, på Ås i Akershus. Fem Gneist-utøvarar tar turen bortover; fire i aldersbestemte UM-klassar og ein i Menn Junior:

Jentene først:

Begge dei to som deltar er med i Jenter 15. Her er det til saman åtte jenter påmeldt og våre to, Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland er i utfordrarposisjon i det 4 kilometer lange løpet i parken til Universitet på Ås. Det knyter seg stor spenning til dei sterke ski- og orienteringsløparane Gina Granstvedt frå Halden og Ingvild Skogan Brensholm frå Steinkjer. Begge må reknast i favoritt-sjiktet. Spennande er det også om meisteren frå kortløypa i Strandebarm i april, Christina Ellefsen Hopland frå Varegg, er tilbake i form. Våre jenter blir rangert "rundt medaljeplass". Dette er trass alt debuten i terreng-varianten i så lang løype.

I Gutar 16 er det Stian Norheim som representerer i den blå Gneist-drakta. Dette er både eit sterkt, godt og stort felt: Her er heile 20 utøvarar på startstrek lørdag. I favoritt-sjiktet finn me Jonas Gjesdal (Varegg), Benjamin Schøn (Tønsberg) og Endre Wigaard (BUL), med outsider-spørsmål knytt til Håvard Irgens (Innstrandens), Gustav Iden (Norna-Salhus) og Markus Borge Harbo (Skjalg). Stian blir på førehand rangert som nr. 11 i feltet, så får me sjå om Stian er kvikk nok etter sjukdom til å stilla.

Også i Gutar 17 er det denne gongen éin Gneist-utøvar med - Ole Martin Røssland. Her er noko færre med enn i den eitt år yngre klassen, 12 utøvarar, men det er nok av sterke folk. Her er det ikkje så mykje spenning knytt til meir eller mindre ukjente ski- eller orienteringsløparar, men i staden er spenninga stor knytt til come back-et til Magnus Hannevig Pettersen (Sturla), som fram til denne avslutninga har mista heile 2012-sesongen grunna skade. Det einaste me har høyrt frå Magnus er 10 km i samband med Drammen Maraton for eit par veker sidan og det var eit særs sterkt løp. Magnus er likevel berre outsider i feltet. Favoritt er Kristian Tjørnhom (Kvinesdal). Her er mange medaljekandidatar elles: Ved sidan av Pettersen er dei sterkaste på papiret Ole Petter Fjeld (Tønsberg), Jørgen Tvedt (Norna-Salhus), Aksel Rosenvinge (Tønsberg) og Ole Martin frå Gneist.

Endeleg har me vår mann i Kongens kler, Jørgen Jensen Axelsen, som tar vegen frå rekruttskulen på Madla til terrengløp på Ås. I eit svært felt - på 29 utøvarar - er Jørgen i eit felt bak dei aller beste - mellom 5 og 10. Juniorane spring 2 kilometer lengre enn i dei aldersbestemte klassane, altså 6 km. Erik Udø Pedersen (Holum), Sindre Løchting (Orion), Filip Ingebrigtsen (Sandnes), Snorre Holtan Løken (Herkules), Jørgen Frost Bø (Ullensaker/Kisa) er mellom dei største favorittane. Triathlon-utøvaren Kristian Blummenfelt representer BFG Fana i dette løpet. Han er regjerande meister i juniorklassen, etter sigeren i Trondheim i fjor. Han kan absolutt vera høgt oppe også i år.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar