lørdag 29. september 2012

Nytt sølv i heimen

Når ein no driv ein blogg heilt på eige initativ, så må det vera lov å heisa flagget til topps når ungdommane i huset gjer det bra, slik innimellom. Dagens debut i UM terrengløp, lang løype, for Anna Serine Røssland (J15) er nettopp eit slikt høve. Denne gongen var underteikna forhindra frå å vera ringside - viktig ærend på Stord i staden for å vera på Ås - men då det tikka inn nytt om sølvmedalje til Anna Serine og eit temmeleg sterkt gjennomført løp, ja då blei det stor glede på Rommetveit! Anna Serine var ni sekund bak gullet.

Ole Martin Røssland (G17) var også nær medalje. Han blei nr. 4 etter å ha hatt tredjeplassen kort før mål, men eit fall øydela ny pall-plass (sølv i fjor). Avstanden opp til sølv var sju sekund og til bronse tre sekund etter ein tung 4km.

Ingrid Næss Johansen (J15) opna friskt, men fekk det tungt etter kvart og måtte nøya seg med ein 5. plass.

Og Jørgen Jensen Axelsen (Menn Junior) hamna nett der me tippa han - mellom 5 og 10 - då han kom i mål på 9. plass i eit felt som talde 25 utøvarar.

Stian Norheim (G16) måtte dessverre kasta inn handkleet før start, etter å ha slite med sjukdom den siste tida før UM.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar