Okei, så var det gjort. Så enkelt. Så komplisert.
Onsdag
kveld bestemte eit fleirtal på det ekstraordinære årsmøtet i Fana IL Friidrett
å seia opp samarbeidsavtalen med Friidrettsklubben BFG Fana.
Det var
ei noko spesiell jubileumsgåve frå ein av moderklubbane, 25 år etter at Bjarg,
Fana og Gneist var med på å stifta friidrettsklubben.
Kva betyr
dette?
Det vil
vera feilaktig å påstå at det ikkje betyr noko. Men det vil vera like gale å
hevda at avgjerda rokkar ved den kursen som BFG er på: Friidrettsklubben BFG
har svært mykje positivt på gang og Fana sin avgang hindrar ikkje noko som
helst av dette.
Det er
all grunn til å imøtesjå 2013-sesongen med forventningar. Det er forventningar
knytt til sportslege resultat, men det er også forventningar knytt til klubb-
og miljøbygging.
Friidrettsklubben
BFG tar mål av seg å bli den krafta i det lokale og nasjonale friidrettsmiljøet
som klubben alltid har hatt potensial til å bli.
Fana har
teke sitt val. Om farvelet blir førebels eller varig, det gjenstår å sjå. Det
som no er «naboklubben», meir enn «samarbeidsklubben», er uansett velkommen
tilbake.
Skal BFG bytte navn, nå?
SvarSlett