onsdag 19. september 2012

Beste hekkeløp og beste kast

Det var ikkje frykteleg mange deltakarar under årets siste Norna-karusell på Fana Stadion tirsdagskvelden. Éin illustrasjon er Gular-løparen som heilt utan konkurranse sprang inn til KM-gull på 10.000 meteren. Her var det nesten freistande å jogga rundt 25 rundar og få seg ein medalje...

Men nokre var det der då, i noko av det beste veret som har vore på ei stund. Og Gneist fekk både aller beste hekkeløpet for sesongen og beste kastet:

Pål Haugen Lillefosse (G11) slo til med 32,91 på 200 meter hekk. Det er ny klubbrekord med over tre sekund. (Aleksander Lie hadde den gamle, frå 2007, på 36,23.) Det er også verdt heile 1113 tyrvingpoeng og er altså største poengsummen i hekk/hinder i Gneist i år. Også Håvard Rinde (G11) sprang under den gamle klubbrekorden, då han betra seg med over tre sekund sidan sist. 35,05 blei det på Håvard (985 poeng).

Beste kastet i Gneist i år har, ikkje overraskande, Gjert Høie Sjursen (G12) etter sine 29,94 i slegge (3kg/110cm). Det er ei betring av eigen pers/klubbrekord med 4,20. Og dermed er også sleggeprestasjonen til Gjert over 1000 poeng: 1029, for å vera nøyaktig.

Og så tar me med at pappa Geir Sjursen kom seg heilt ned på 12,44 på 100-meteren. Det er nr. 7 i BFG på distansen i år - av dei 16 som er har prøvd seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar