søndag 2. september 2012

Nye gull

No skal det mykje til dag 3 under UM på Ravnanger om medaljefangsten til Gneist skal bli så stor som førehandsvurderinga på denne bloggen innebar, men gullfangsten er heilt der me hadde håpa - og vel så det.

Ei av dei som skulle vera garantist for medaljar (og gull) var Monika Benserud (J16). Lørdag innfridde ho i den vindfulle idrettsparken på Askøy og vann gullet i tresteg, fem centimeter framfor nr. 2. (På 80 meter hekk måtte Monika kasta inn handkledet i finalen grunna skade, dessverre.)

Gull nr. 3 - og dermed gull nr. 2 til ungdommane her i huset - stod Ole Martin Røssland (G17) for, då han på sin skikkelege debut på distansen, klarte å halda seg på beina og sprang inn til 6:37,65 og gull på 2000 meter hinder (948 tyrvingpoeng også).

Jørgen Jensen Axelsen (G19) sprang sitt aller siste UM-løp med sin 2000 meter hinder i G18/19. Det blei ein solid 4. plass, etter at Jørgen hadde arbeidd seg godt oppover etter ein moderat start. Tida blei 6:24,23 (942 poeng), som er årsbeste.

I tillegg tar me med at Vilde Lund Bjørnsen (J16) og Emil Engelsen Holm (G15) gjennom forsøksheata sine lørdag føremiddag kvalifiserte seg for kvar sin 200 meter-finale søndag morgon.

Så får me satsa på at det får regna og blese frå seg i natt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar