Året siste dag er her. Årskavalkadar florerer. Og her er ein til - for denne bloggen:
2. januar: Geir Sjursen blir kåra til vinnar av
Veterankonkurransen 2011.
5.
februar: Rapport frå Huyandai-leikane (…) på Stange. Eirik Leikvoll hoppa m.a. 1,60 i
høgde
2. mars:
Bloggen fortalde om kor dei viktigaste nasjonale arrangementa skulle gå i 2013.
Minnar om at det blir bane-NM/UM i Sandnes, junior-NM i Overhalla, UM på Lillehammer – og hovud-NM i Tønsberg (og hovud-NM på Jessheim i 2014).
8. april
var det førehandsstoff før NM/UM i terrengløp, kort løype, i Strandebarm.
Bloggen tippa m.a. sølv og bronse i UM, J15, sjølv om den tok feil av rekkefølgja
mellom dei to Ingrid-ane…
9. mai:
Frå opningsstemnet, der Gneist hadde ei gjesterolle som arrrangør i 2012.
Nyhetspoenget var at tre ulike utøvarar, i tre aldersklassar, klarte å sanka
nøyaktig 909 poeng på 1500 meter: Stian Øvergaard Aarvik, Aleksander Lie og Ole Martin Røssland.
6. juni:
Ein har vel etter kvart merka at bloggaren i mars månad melde overgang frå
Gneist-styret til BFG-styret og denne dagen gav bloggen kvalifiseringsstatus
til junior- og senior-NM for BFG-utøvarar. I 2012 var det slik at det berre var
kvinnelege kvalifiserte til hovud-NM. Kva skjer i 2013?...
8. juli var det i tillegg til Anders Bjørndal sin 17-årsdag full rulle under
Världsungdomsspelen i Göteborg. Heilt øvst på lista i gjennomgangen av resultat
finn me Kristoffer Blücher sin strålande 200 meter i G13: 24,91 (1091
tyrvingpoeng).
12.
august måtte bloggaren skryta over at han hadde «karra seg opp» til toppen av
Malmangernuten i Rosendal – rettnok berre i trimklassen. For der var det både
Nuten Opp og NM i motbakkeløp. Det var skodde over heile halve fylket den
dagen, men på toppen av nuten var det knallblå himmel. Thorbjørn Thorsen
Ludvigsen frå BFG vann NM-gull.
6.
september var det ein gjennomgang på klubb-nivå etter UM på Ravnanger. Den
viste seg at Gneist hadde klatra frå 30. plass i 2011 til 12. plass i 2012 på
medaljestatistikken.
I oktober
– til dømes den 18. – tok eg til med historietimar, rettnok (så langt) i den
nære historia. UM i 2003 var temaet denne dagen, der Steffen Nerdal tok tre
kast-gull for IL Gneist.
I
november var det tid for «Alle tider»-gjennomgang, altså ein oversikt over kor
prestasjonane i 2012 plasserte seg i Alle tider-statistikken for heile landet.
9. november handla det om Ingrid, Ingrid Helene og Anna Serine i J15. I 2013
blir 1997-gjengen i Gneist dobla…
Og i
desember er det like sikkert at lagserien blir presentert. 20. desember blei
gutane sitt 4. lag gjennomgått. Og det er lett å gløyma, når bestelaga til både
gutane og jentene vinn Elitedivisjonen, at 4. laget til gutane faktisk vann 3.
divisjon og rykka opp eit hakk. Her finst namn me håpar å sjå oftare og meir
det komande året – og dei komande åra: Trym Andresen, Sindre Kampen Nesheim,
Erlend Krog Solvang – og kanskje får me Tobias Damm tilbake igjen også?
Takk for
det gamle!