tirsdag 27. november 2012

Lyset har gått

Dette er ei kort soge om det offentlege forfallet. Me høyrer om det kvar dag på kanskje alvorlegare arenaer - som helse og skule. Men du verda, idretten er også eit svært viktig samfunnsområde. Og ein merkar det offentlege forfallet godt også her.

Om det er blårussen eller deira frendar som styrer, det veit eg ikkje. Men budsjettstyringa er blitt oppsplitta og kortsiktig: Det handlar om å nå budsjettmål for skilde sektorar og innanfor konkrete budsjettår. Ein har slutta å sjå samanhengar - både mellom ulike område og over tid.

I eit slikt system forsvinn til dømes vedlikehald som størrelse fullstendig. Då eg vaks opp var "vaktmesteren" ein konkret person som me helste på og meinte me kjente slik nokolunde, enten det var på skulen eller på idrettsanlegget. I dag er vaktmesteren ein utdøande rase. I staden for vedlikehald dett skulebygg og andre offentlege eigedommar ned over hovuda på brukarane, heilt til det blir ropt høgt nok krise og dei falleferdige bygga blir erstatta av heilt nye.

Frå 1. oktober forsvann dei faste vaktmesterane frå idrettsanlegga til Bergen kommune, mest merkbart for svært mange at ufatteleg dugande vaktmesterar forsvann frå Fana Stadion.

Siste nytt er at lyset fullstendig har gått for dei som sit med ansvaret for dette: Frå og med i går, mandag 26. november, så er "tilbodet" stramma inn ytterlegare: Lys, garderobar og toalett blir skrudd av og stengde. Det er som ein både må springa bak ein busk og klypa seg i armen samtidig.

Det siste er sikkert ei naturleg følgje av det første i denne saka: Når vaktmestrane er fjerna, så må ein altså stenga av.

Bloggaren brukar ikkje så store ord som bloggar så ofte, men utanom bloggen er det no annleis. Men i dette tilfellet må det berre seiast også her: Når lyset har gått for byråkratar og politikarar, då må nokon koma og hjelpa dei ut frå mørket - vekk frå kalkylane og skrivebordssystema og til der verkelegheten finst.

Det offentlege forfallet er ein skandale. Dette er ein skandale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar