Sommaren 2004 blei junior-NM skipa til i Trondheim. BFG (Fana) var inne i ein svært god tidsperiode, med flotte prestasjonar i mange - og mange varierte - øvingar.
Benedikte Liland (U20) hadde eit nytt flott meisterskap. Aller best gjekk det i tresteg, der ho blei norgesmester med 12,20, 12 centimeter framfor nr. 2. I kule blei det 10,75 og 4. plass, i lengde 5,49 og 5. plass. (Her vann dagens superhoppar i øvinga, Margrethe Renstrøm med 5,85.)
Den gongen Gneist-kastarane Steffen Nerdal og Andreas Eeg markert seg også i dette meisterskapet. Steffen vann diskos (53,38, her var han 8,3 meter framfor nr. 2), tok sølv i slegge og fjerdeplass i kule (her var han 9 centimeter bak bronsen og 10 bak sølvet...). Andreas tok to fjerdeplassar, i diskos og slegge.
Morten Benserud tok eit nytt meisterskap på 400 meter hekk, her blei broder Marius nr. 4.
Hilde Hovlandsdal vann bronse i høgde (U20) med eit hopp på 1,72.
Bronse blei det også på stafettlaget i MU20, der Espen Liland, Marius Benserud, Håvard Hasås og Morten Benserud sprang.
Eirik Karstensen hoppa 1,97 i høgde (MJ22) og tok med det ein 4. plass.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar