mandag 31. desember 2012

Takk for det gamle


Året siste dag er her. Årskavalkadar florerer. Og her er ein til - for denne bloggen:

2. januar: Geir Sjursen blir kåra til vinnar av Veterankonkurransen 2011.

5. februar: Rapport frå Huyandai-leikane (…) på Stange. Eirik Leikvoll hoppa m.a. 1,60 i høgde

2. mars: Bloggen fortalde om kor dei viktigaste nasjonale arrangementa skulle gå i 2013. Minnar om at det blir bane-NM/UM i Sandnes, junior-NM i Overhalla, UM på Lillehammer – og hovud-NM i Tønsberg (og hovud-NM på Jessheim i 2014).

8. april var det førehandsstoff før NM/UM i terrengløp, kort løype, i Strandebarm. Bloggen tippa m.a. sølv og bronse i UM, J15, sjølv om den tok feil av rekkefølgja mellom dei to Ingrid-ane…

9. mai: Frå opningsstemnet, der Gneist hadde ei gjesterolle som arrrangør i 2012. Nyhetspoenget var at tre ulike utøvarar, i tre aldersklassar, klarte å sanka nøyaktig 909 poeng på 1500 meter: Stian Øvergaard Aarvik, Aleksander Lie og Ole Martin Røssland.

6. juni: Ein har vel etter kvart merka at bloggaren i mars månad melde overgang frå Gneist-styret til BFG-styret og denne dagen gav bloggen kvalifiseringsstatus til junior- og senior-NM for BFG-utøvarar. I 2012 var det slik at det berre var kvinnelege kvalifiserte til hovud-NM. Kva skjer i 2013?...

8. juli var det i tillegg til Anders Bjørndal sin 17-årsdag full rulle under Världsungdomsspelen i Göteborg. Heilt øvst på lista i gjennomgangen av resultat finn me Kristoffer Blücher sin strålande 200 meter i G13: 24,91 (1091 tyrvingpoeng).

12. august måtte bloggaren skryta over at han hadde «karra seg opp» til toppen av Malmangernuten i Rosendal – rettnok berre i trimklassen. For der var det både Nuten Opp og NM i motbakkeløp. Det var skodde over heile halve fylket den dagen, men på toppen av nuten var det knallblå himmel. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen frå BFG vann NM-gull.

6. september var det ein gjennomgang på klubb-nivå etter UM på Ravnanger. Den viste seg at Gneist hadde klatra frå 30. plass i 2011 til 12. plass i 2012 på medaljestatistikken.

I oktober – til dømes den 18. – tok eg til med historietimar, rettnok (så langt) i den nære historia. UM i 2003 var temaet denne dagen, der Steffen Nerdal tok tre kast-gull for IL Gneist.

I november var det tid for «Alle tider»-gjennomgang, altså ein oversikt over kor prestasjonane i 2012 plasserte seg i Alle tider-statistikken for heile landet. 9. november handla det om Ingrid, Ingrid Helene og Anna Serine i J15. I 2013 blir 1997-gjengen i Gneist dobla…

Og i desember er det like sikkert at lagserien blir presentert. 20. desember blei gutane sitt 4. lag gjennomgått. Og det er lett å gløyma, når bestelaga til både gutane og jentene vinn Elitedivisjonen, at 4. laget til gutane faktisk vann 3. divisjon og rykka opp eit hakk. Her finst namn me håpar å sjå oftare og meir det komande året – og dei komande åra: Trym Andresen, Sindre Kampen Nesheim, Erlend Krog Solvang – og kanskje får me Tobias Damm tilbake igjen også?

Takk for det gamle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar