torsdag 15. november 2012

Terminlistenytt (blogginnlegg nr. 600)

Innomhus-sesongen nærmar seg med store steg. I tillegg er det omtrent muleg å ha oversikt over kva for tilbod den kjem til å innehalda. Det er muleg å reisa litt, men det er også muleg å ha eit fullgodt tilbod med å halda seg i Leikvanghallen.

Stavhopparkolonien i Bergen og omland får no sine arrangement administrert av IL Gneist. Og her blir det i alle fall tre stavkonkurransar før jul, med start alt 24. november og med nye konkurransar 1. og 9. desember. Stavhopparane synest det er like triveleg i Høiehallen, så desse konkurransane finn stad der.

Nord i Åsane bevegar ein seg til når BFG arrangerer romjulsstemne lørdag 29. desember. Tredagarsstemnet til Norna-Salhus - Nornalekene - følgjer tredje helga i januar (18. - 20. januar), med eit etter måten tett og godt øvingsprogram. Gneist sine pingvinlekar blir også til tradisjon når dei blir skipa til for andre gong 9. - 10. februar. Stadig oppdatert info finst her.

I 2012 blei innomhus-KM flytta rundt omkring i terminlista. Difor får me no vera på trygge sida og seia at førebels KM-dato i 2013 er 3. mars. Dette er KM frå 15 år og oppover over éin dag, så kva som skjer med resten av tilbodet frå tredagarsstemnet i 2012, det gjenstår å få oversikt over.

Noko nytt ute? Vel, Varegg inviterer til KM i terrengløp lørdag 6. april på Skansemyren. Det har me all grunn til å tru at kjem til å bli eit framifrå arrangement. Varegg er rasande flinke til å arrangera utanfor bane.

Så blir det spennande å sjå kva Osterøy har tenkt å finna på. I følgje terminlista skal også dei arrangera KM i terrengløp - dagen etter, 7. april. Vel, etter at kretsen har slite med å finna KM-arrangør i fleire år, så kan det sjå ut som det blir skikkeleg kampanje om arrangementet i 2013. På den andre sida; det er sikkert berre nokon som tøysar med oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar