lørdag 24. november 2012

2013 er i gang...: ein pangstart

I følgje Mayakalenderen - eller tolkarane av den - skal verda gå under 21. desember. Det er ikkje difor me tar 2013 få forskot. Det handlar om at innesesongen med Gneist-auge starta i Høiehallen lørdag: Innesesongen varer til og med 30. juni 2013, utøvarane stiller i aldersklassen dei tilhøyrer til neste år og resultata gjeld i seriesamanheng 2013. Så då så...

Og det blei ein pangstart:

Pål Haugen Lillefosse (G12!) persa i stav til 3,10. Dermed har Pål nådd i tyvingpoeng-taket alt - med 1085. (Til samanlikning enda han på 1051 poeng for stavresultatet sitt sist vinter.) Det er ny klubbrekord i 12års-klassen med 85 centimeter! Og den gamle (tilhøyrande Helge Otterlei) var frå 1984 - 29 år sidan og det året Eirik Kvalfoss blei olympisk meister i Sarajevo (ikkje i stav). Fabelaktig!

Marianne Benserud (J18) sesongdebuterte med 3 meter akkurat (880 poeng). Også Marianne sette klubbrekord - her var den ledig.

Brørne Eirik (G15) og Magnus Leikvoll (G17) enda begge med 2,90 som resultat lørdag. Hoppa er verdt høvesvis 790 og 636 poeng. I mellom der, på poeng, kom Håvard Våge Opheim (G17), som med 3,00 oppnådde 706 poeng.

I tillegg til stav blei det skipa til den lite kurante og heller sjeldne øvinga tresteg utan fart i Høiehallen lørdag ettermiddag. Her har me dei siste åra likevel notert klubbrekordar, så då får me no halda fram med det:

- Pål Haugen Lillefosse (G12) hoppa 6,25 (klubbrekord; den gamle hadde Eirik Leikvoll på 5,36, frå 2010). Pål persa med 80 centimeter frå fjorårssesongen.

- Eirik Leikvoll (G15) tok tilbake éin klubbrekord, då han landa på 7,27 (ledig rekord).

- Og Magnus Leikvoll (G17) gjorde det same; fekk seg ein klubbrekord der det tidlegare ikkje har vore notert. Han landa fire centimeter lengre borte i gropa enn broder Eirik; 7.31.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar