fredag 2. november 2012

Historietime: 1978

Retta versjon: Sjølv i USA skjer det at... The Show Must NOT Go on... New York City Marathon, som skulle ha gått av stabelen søndag, er blitt avlyst. Det er første gongen sidan starten i 1970 at det skjer. Det heile er fullt forståeleg. Og det er Sandy som har skulda.

Skulle dette innlegget vore nokolunde elegant, så burde eg kanskje ha sagt noko om 1973. For i 1973 skreiv Bruce Springsteen songen 4th of July Asbury Park (Sandy) og det var no Sandy som var årsaka til så mykje gale på den amerikanske austkysten denne veka. Og boardwalken i Asbury Park - for ikkje å snakka om casinoet - er ikkje i nærleiken av det som det var for berre ei veke sidan. (Eller hausten 2009, då eg gjekk og traska der.)

Men, altså, New York City Marathon: Eg kan ikkje sjølv skryta av anna enn ein bror som har to løp der. Men me kan naturlegvis som nasjon skryta av å ha hatt den største stjerna av dei alle, Grete Waitz. Og i 1978 var Grete Waitz på tur til New York. På kort varsel fann ho ut at ho no kunne prøva seg på denne maraton-distansen, når det først klaffa slik at ho var i byen nett når arrangement fann stad. Ja, så kort varsel var det at ho ikkje var komen på plass i programmet. Dermed sprang Grete Waitz maraton for første gongen... And the rest is history: Grete Waitz vann på 2.32.29 (og komma 8 i tillegg) - ny rekord på den tida. Seinare blei ho kåra til den største kvinnelege løparen i verda for 1978.

I NM blei det tre gull til Grete Waitz i 1978: 1500 meter, 3000 meter og 4km terrengløp. NM-gull blei det også på Heidi Benserud (lengde og femkamp) og Jan Fjærestad (25km landevegsløp og maraton). Jan blei i tillegg verdsmeister dette året - som deltakar på det norske vinnarlaget i stafett i VM i orientering.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar