fredag 23. november 2012

JA til BFG Bergen

Den 5. desember er det kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Friidrettsklubben BFG Fana.

Det står éi sak på agendaen: Namnebytte til "Friidrettsklubben BFG Bergen".

I praksis vil klubben forbli "BFG" for dei fleste av oss, slik den er i dag.

Likevel er eit namnebytte blitt viktig. Det er ein del av oss - bloggaren inkludert - som i lang tid har undra seg over at me har hatt to (friidretts-)klubbar med så like namn: Fana og BFG Fana. Gang på gang har eg opplevd at utanforståande har omtalt BFG som "Fana". Eit døme: Under NM i terrengløp i Trondheim hausten 2011 vann både Kristian Blummenfelt og Kirsten Melkevik gull for BFG. Speakeren sa konsekvent at desse var frå "Fana" - punktum.

Dette skjedde nesten eit heilt år før Fana IL si friidrettsgruppe fann på å gå ut av BFG-samarbeidet. Då det skjedde blei det endå meir openbart at BFG treng eit klubbnøytralt namn. Med "Friidrettsklubben BFG Bergen" kan me på eine sida halda på "BFG" som det som me til kvardags vil bruka, samtidig som "etternamnet" blir så inkluderande at me både kan invitera andre samarbeidsklubbar inn og invitera Fana IL tilbake igjen i falden, når det skulle vera.

Fana IL si friidrettsgruppe vedtok utmeldinga si under eit svært kontroversielt ekstraordinært årsmøte 26. september i år. Etter ei lang intern tautrekking internt i Fana er no utmeldinga endeleg stadfesta. Les meir om dette her.

Då meldinga først kom om at Fana ville ut, var det mange som lurte på om me no skulle heita "BG" eller liknande, sidan F'en i "BFG" står for Fana. Det er heilt uaktuelt å endra på BFG-namnet. Det er eit sterkt særnamn i friidretten og i området, som me for all del skal halda på. BFG står for "Bjarg, Fana og Gneist". Og Bjarg, Fana og Gneist vil for alltid vera klubbane som i si tid stifta paraplyklubben BFG - heilt uavhengig av kva kvar enkelt av desse klubbane finn på av krumspring i ettertid.

Det er mange måtar å sjå på forslaget om namnebytte. Éin viktig måte er at dette er ein del av ei offensiv strategi; å hevda klubben og visa at den er i høgste grad levedyktig og framtidsretta.

JA til BFG Bergen den 5. desember!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar