Gneist dominerer den lokale friidretten! At gutelaget skulle gå til topps i årets lagserie, det var inga bombe. Gutane har betra seg frå 2011 til 2012, ganske klart, og dei vann også i fjor. Sigeren for gutane blei forsvart med glans.
Som Stein Fossen skriv det:
"Med nesten magiske 59.981 poeng på de 60 resultatene var Gneist i en egen klasse i kretsserien for gutter."
Verken meir eller mindre; i ein eigen klasse.
Sigeren var på nesten 4.000 poeng til lag nr. 2, Osterøy.
1. divisjonslaget til gutane (2. laget) vann også heilt suverent sin divisjon, slik at - som tidlegare spådd om - Gneist vil ha to lag i Eliten for gutar i 2012.
Det var noko meir overraskande at jentene vende tilbake heilt på toppen i 2012 - etter eitt års fråver. Men medan sigersmarginen for gutane var på nesten 4000 poeng, så var den på berre 71 poeng for jentene - framfor toar Bergens Turn.
Detaljane får me ta etter kvart, men denne karamellen får me suga på gjennom jula!
Full oversikt finst her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar