onsdag 24. oktober 2012

Lagserien 2012: Ein første Gneist-prognose

Først av alt - ei repetisjonsøving:

Lagserien er noko som dei færraste tenker på gjennom sesongen. Utanom nokre få stafettøvingar så er friidrett ein individuell idrett. Men på slutten av sesongen blir alle dei individuelle resultata gjort om til lag og til lagserie.

Det inneber at dei ulike klubbane samlar saman resultata, gjer dei om til tyrvinpoeng og sender dei inn til friidrettskretsen. Sånn uti desember - slik til vanleg - blir så årets resultat i sirlige divisjonar presentert.

Kor mange lag ein melder inn i serien avgjer kvar enkelt klubb. Plasseringa i divisjon er - nett som i skikkelege lagidrettar - bestemt av kor ein hamna sist år, med nedrykk og opprykk og greier.

Alt dette blir gjort etter eit opptrukke system. Det vil seia at ein leverer inn eit visst tal resultat i dei ulike øvingsgreinene, alt etter kva for ein divisjon ein høyrer heime i. Det finst ein Elitedivisjon, og det finst 1. - 5. divisjon (i alle fall for gutar) her i Hordaland.

I 2011 var Gneist sine gutar aller best i Hordaland, medan jentene blei nr. 2. Gneist har også stor breidde: For gutar har Gneist eitt elitelag, to lag i 1. divisjon og eitt lag i 3. divisjon. For jenter finst det eitt lag i Eliteserien, to lag i 1. divisjon og eitt lag i 2. divisjon - så her er seks av åtte lag samla i dei to øvste divisjonane.

Som vanleg blir dette presentert i tur og orden når resultata ligg føre i desember månad.

I denne omgang blir det ein isolert prognose, det vil seia ein prognose som er isolert til Gneist sine eigne resultat og som ikkje er knytt til kva andre lag har gjort i år - sjølv om me har ein viss oversikt over det også...

Me får ta gutane først denne gongen, sidan dei var så flinke i fjor:

- Elitelaget ligg etter denne høgst førebelse prognosen om lag 1500 poeng betre til enn i 2011 - og då vann laget. Her finst uhyre sterke resultat og - ja - tipset er enkelt og greitt at fjorårssigeren blir forsvart.

- 2. laget i 1.divisjon rykka ned frå Eliten i fjor - då var det altså to Gneist-lag i Eliten. Kvaliteten på breidden mellom gutane held seg svært god. Tips: 2. laget rykker opp igjen i Eliten, slik at det igjen er to Gneist-lag i Elitedivisjonen i 2013.

- 3. laget i 1. divisjon. Dette laget var heilt oppe på 3. plass i 1. divisjon i fjor. Hald dykk fast; det skal litt til, men det er ikkje utenkeleg at også dette laget er i nærleiken av opprykk. I så fall kan Gneist ha tre lag i Eliten neste sesong. Tipset er likevel at det kjem like bak opprykk (også i år) - uansett uhyre sterkt.

- 4. laget i 3. divisjon blei nr. 5 i 3. divisjon sist år. Prognosen fortel om circa 2500 poeng meir i år for dette laget, og då er også dette laget i nærleiken av opprykk - til 2. divisjon. Her blir det spennande.

Alt i alt fortel dette om ein uhyre sterk Gneist-sesong for gutar, frå topp til breidde og - faktisk! - i alle øvingstypar.

Så, til jentene sine fire lag:

- Elitelaget: Dette laget blei nr. 2 i 2011, etter å ha vunne året før. Førebels prognose fortel at jentene går noko tilbake i poengsum frå i fjor, slik at tipset går ut på ny pall-plass, men ikkje topp-plass.

- 2. laget i 1. divisjon: Dette laget blei sist i Elitedivisjonen i 2011, så her skulle det vera ein potensiell opprykkskandidat. Tipset går ut på at laget ikkje klarer det. Også her er det ein del tilbakegang frå fjoråret. Ein plass - eller to eller tre - bak opprykk.

- 3. laget har også vore i 1. divisjon i år, etter opprykk frå 2. Med andre ord så må målet her vera å halda på plassen i 1. divisjon. Men også dette blir spennande og tipset er i utgangspunktet negativt; at det blir retur til 2. divisjon for 3. laget.

- 4. laget til jentene har vore plassert i 2. divisjon i år, etter opprykk frå 3. divisjon i 2011. Held dette laget seg? Her er eg freista til å vera optimist og seia ja, men også dette blir tett og spennande.

Konklusjonen for jentene er altså noko meir pessimistisk enn for gutane. Ein svært viktig grunn til det er at gutane har svært mange fleire kastresultat enn jentene. Også på hekk/hinder er det uvanleg magert mellom jentene i 2012.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar