mandag 27. juni 2011

Utanfor konkurranse

Ein treng kanskje ikkje heita Vilde og koma frå Bergen for å springa framifrå 400-metrar, men det er tydeleg at det hjelper. I ly av det meste og utanfor konkurranse under lørdagens KM i Rogaland i Sandnes sprang Vilde Lund Bjørnsen (J15) ein strålande 400 meter i kvinner senior. Ho kom i mål på 57,73. Det var - for kuriositetens skuld - 4,4 sekund framfor ho som kunne titulera seg sjølv som kretsmester på distansen i nabofylket i sør.

Viktigare: Det er sjette beste tida på distansen for 15-åringar gjennom alle tider. Vilde Svortevik frå Laksevåg er med sine 57,40 ei av dei få som har betre. Martine Eikemo Borge - kjent frå BFG, men som no gjer det skarpt i USA - har 58,08, medan ei ikkje ukjent Ingvill Måkestad er hakket bak der igjen med 58,26.

Tida er verdt 1086 tyrvingpoeng. Det er høgste poengsummen på løp i Gneist denne sesongen. Og tida er ei monaleg forbetring av klubbrekorden i Gneist. Den var på 60,6 og sett først i 1974 (Nanna Gjerde), så tangert i 1977 (Bente Lervik (Liland)) - den første tida altså sett godt over 20 år før Vilde Lund Bjørnsen blei fødd.

Dette kan vera starten på ein strålande 400 meter-karriere. For dei som hugsar Vilde sine 600 metrar - eg hugsar ein fantastisk fin på Tyrving for tre år sidan, til dømes - er det likevel meir kontinuitet som er stikkordet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar