søndag 5. juni 2011

Rekordar til (to) tusen

Endeleg! Full sommar i Bergen! Ikkje veit eg om det er fortent eller ei, men IL Norna-Salhus får rett som det er godveret til sine leikar, Framolekene - så også i 2011. Det tok til med litt hustrig torsdagen, så blei det berre betre og betre og varmare og varmare.

Som vanleg; eg har ingen garanti for at eg har fått med alt, men her er det eg har notert parallelt med kveldens statistikkføring, for klubb og fedreland:

Kristoffer Blücher (G12) sprang ein glitrande 100 meter i G13 og slo Sondre Rinde sin eitt år gamle klubbrekord: 13,42 blei Kristoffer si tid.

Ole Martin Røssland (G16) vann 2000 meter på 5:55,02. Det gav smått irriterande 999 poeng, men det er også ny klubbrekord.

Ingrid Næss Johansen (J14) sprang ein flott 2000 meter, kom i mål på 7:08,35 - ny klubbrekord og 958 poeng.

Vilde Omholt (J16) heldt fram trenden frå fjoråret, med å persa solid kvar gong ho stiller opp på ein 2000 meter. Denne gongen flytta ho persen til 7:16,16 - også det ny klubbrekord.

Cathrine Harris (J13) betra eigen rekord i kule (2kg) på ein overtydande måte, då ho støtte 11,09 - godt og vel meteren lengre enn gammal lengde. Det er også i nesten-tusen-poeng-klubben: 993.

Og endeleg: Monika Benserud (J15) kom seg heilt ned på 12,64 på 100-meteren. Det gir heile 1041 Tyrving-poeng og det er tangering av Kjersti Ristesund sin 26 år gamle klubbrekord på distansen.

Eitt av dei verkelege høgdepunkta kom då Maren Risøen (J16) landa på 5,03 i lengdegropa. Ho kom seg både over ei flott grense, men viktigast: ho blei siste tilskotet i UM-gjengen til Gneist med det hoppet. Også Marianne Benserud (J16) kom seg under eit UM-krav, på 100 meter med 13,41 (krav: 13,45). Stian Norheim (G15) feia all tvil ti sides på 2000 meter. Han kom i mål på 6:16, over 25 sekund betre enn UM-kravet.

Pål Haugen Lillefosse (G10) innkasserte 1014 poeng for høgdehoppet på 1,27.

Renate Lie (J13) sprang på 13,38 på 100 meter, som gav henne endå eit medlemskap i 1000-klubben (1003).

Til sist: I tillegg til at det var mange over 1000, mange rekordar og klarte kvalifikasjonskrav var det også mange resultat høgt oppe på 900-talet. Der hamna også Jørgen Jensen Axelsen  (G18) i sin 3000-debut på 8:57,11. Det er verdt 980 poeng, det er seks sekund bak pers, men godt under kva Jørgen sprang på til same tid i 2010.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar