tirsdag 21. juni 2011

Testing. Knarvik. Testing

I eit nydeleg nesten-sommar ver på årets lengste dag tok tre karar frå Søvikheia ut for å undersøka tilstanden i Fil Aks-77. Som rapportert tidlegare har friidrettsklubben i Knarvik, Lindås, vore i hardt ver overfor Norges Friidrettsfobund. Klubben har plassert seg i toppen - eller botnen, alt etter som - av lista når det gjeld kvalitet og kvantitet på innrapportering av stemne. Så ille blei det at forbundet sende melding til Fil Aks-77 om at stemne på Knarvik ikkje lengre var å rekna som godkjende.

Etter nokre dagar heiv ein seg spontant rundt der ute over brua i nord og sende inn alt ein hadde liggande i krikar, krokar, skuffer og skap. Det kom resultatlister og stemnerapportar i bunkar, i søkk og i kav. Eg har nesten vore gjennom alle, men dei frå 16. mars får ligga til eg har siste runde med innestatistikken. Det får vera grenser.

Men, altså, bot og betring er lova. I dag, 21. juni, var første mulege test etter friidrettsforbundet si klare tale. Anders Bjørndal, Ole Martin Røssland (begge G16) og underteikna (sjåfør/oppvarmingsmakker/tidtakar) drog i veg for å testa dei nye tidene på Knarvik.

Vel, det skal dei ha: Eit nydeleg ver laga dei til for sitt vesle seriestemne. Ikkje så mange minuttar forseinka blei 800 meteren sett i gang kl. 19.35. Gutane sprang i veg, med godt mot, forserte ein lei motvind då oppløpssida blei runda, og etter dei vanlege to rundane på distansen kom Ole Martin i mål på brukande tid, hans nest beste på distansen; 2:10,95, medan Anders pynta aldri så lite på persen frå Framo, til 2:19,73.

Då er første del av testen unnagjort, den som krov fysisk utfalding. No gjenstår ventinga; først på resultatlistene på nettsidene (det er der dei til sist pleier å koma - og så langt berre der), så - spennande nok - på om det blir sendt inn på rett og forsvarleg vis, både stemnerapport og resultatliste, til Norges Friidrettsforbund.

Me har altså gjort vår del, så langt.

... to be continued...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar