mandag 20. juni 2011

Eigentleg berre best

Så er ei flott Tyrving-helg over, med heile spekteret av austlandsver og med ei røys av flotte prestasjonar. I lagkonkurransen er heimelaget alltid best, med mange, mange deltakarar, men heldigvis ikkje teljande. Sandnes IL stakk av med den store pokalen, svært knepent framfor IL Gneist. Dette er det høgaste Gneist har vore i lagkonkurransen under Tyrvinglekene i "moderne tid" (dvs. i alle fall dei siste seks-sju åra...).

Det er knallsterkt! Sandnes IL plukka poeng frå supermann Jacob Ingebrigtsen på 11 år til seniorklassane både for menn og kvinner. Medan andre tribuneslitarar frå helga i kveld spring den andre Sommarkarusellen, så skal underteikna høgtidleg markera avslutninga på ungdomsskulen for Gneist-troppens eldstemann, Ole Martin på 16 år og fire månader. Med andre ord: me plukka 0 poeng i alle øvingar frå 17 år og eldre. Toppen er altså enno ikkje nådd.

Kva var det elles eg skulle ha sagt? Jo, nokre av høgdepunkta sett med Gneist-auge frå siste delen av leikane:

100 meter for J15 blei ein fantastisk affære, der dei to beste dominerte kvar sin del av finalen og begge var frå Gneist: Vilde Lund Bjørnsen blei nr. 2 med 12,60 (1048 tyrvingpoeng) og Monika Benserud vann md 12,56 (1054 tyrvingpoeng). Begge jentene er under Kjersti Ristesund sin 26 år gamle klubbrekord elektronisk (inntil vidare får Kjersti også stå der med sine 12,4 manuelt). Og: Begge tidene er under senior-NM. kravet. Vilde på si side betra eigen klubbrekord på 200 meter, til 25,51, dagen før. Det er verdt heile 1077 poeng.

Renate Lie (J13) sprang ein perfekt 1500 meter og senka persen med om lag fire sekund, til 5:05,98. Det gir 994 poeng og det er berre like over sekundet bak Ingrid Sandvoll sin 35 år gamle klubbrekord. Det er nok eit naturleg mål for Renate.

Maren Haugen Lillefosse (J13) sprang ein fin 200 meter hekk, på 32,42, som gir 999 poeng. Så skadde Maren seg på 60 meter hekk, men det gjekk ikkje verre enn 9,86, ny klubbrekord, og eit løp verdt heile 1045 poeng...

Ei anna J13-jente, Cathrine Harris, hadde stor hopp-helg, med siger både i lengde og tresteg. I tresteg landa ho søndag på 10,25, som er verdet 1005 poeng. I lengde dagen før blei det over magiske 5 meter - 5,01 (1002 poeng), berre ni cm bak klubbrekorden med same satssona.

Amund Høie Sjursen (G15) sneik seg vidare til 100 meter-finalen i god motvind. I finalen fekk gutane springa på motsett side av Nadderud og Amund fekk vera med i eit sterkt heat og til ny pers, 12.10, fire tidelar under UM-kravet.

Stian Øvergaard Aarvik (G14) held fram med å nærma seg 4.30-grensa på 1500 meter.Det blei 4:30,91 i eit sterkt felt søndag. Løpet er verdt 979 poeng.

Og endeleg: Lørdag kveld bestemte Henrik Irgens Gravdal (G13) seg for at Tyrvinglekene kunne vera eit passande høve til å debutera på 1500 meter. Søndag ettermiddag var han meir enn klar, sprang eit meisterleg løp (der han trassa alle slags manøvrar frå konkurrentane...), og fekk solide 4:37,46, siger og 1003 poeng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar