søndag 26. juni 2011

Tangering

Vel, vel, det skulle vore stor-KM på Fana stadion i helga. I så fall ville me fått eit meisterskap på ein stadion bada i sol,så godt som vindstille i store periodar, rett og slett eit meisterskap som både utøvarar og me slitarane på sidelinja hadde fortent.

I staden har me hatt ei etter måten roleg friidrettshelg. Utanom den handfulle mengda utøvarar som har vore i Opplands hovudstad, så har det vore stille. Men me skal for all del ikkje gå utanom gjengen på Lillehammer.

Me kan ikkje anna enn å gjenta, å tangera våre ord og vendingar om Sondre Rinde (G13). Han er VL-kongen frå Veidekkelekene 2011. Søndag tok han sin fjerde og femte siger! Det finst ei rad magiske grenser i mange øvingar i friidrett, avhengig av alder og nivå. Søndag kom Sondre over magiske 5 meter i lengde, nærare bestemt 5,08. Med det tangerte han Per Åge Liland sin rekord frå Bobbysocks-året, 1985.

På 100 meter var Sondre rett og slett suveren. Først oppnådde han 13,18 i forsøket, før han knuste all motstand med 13,06 i finalen. Han var med det heile 44/100 før nestemann. Her er det no berre sju hundredelar ned til Torgeir Hasås sin klubbrekord frå slutten av det førre årtusenet.

Broder Håvard (G10) persa fint på 600 meter, til 2:05,37, og svevde til heile 3,93 i lengde, verdt 956 tyrvingpoeng. Håvard er faktisk heilt i toppen i Gneist-samanheng for gutar i hopp, med tre solide poengsummar i lengde, tresteg og høgde.

Neste helg aukar aktiviteten monaleg. Då dreg ein gjeng til arrangøren sin generalprøve før hovud-NM, Sparebankleikane i Byrkjelo i Nordfjord, medan me andre dreg inn til Strandebarm,der det er nesten like vent som i ytste luten av Kvinnherad.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar