torsdag 16. juni 2011

Bislett Games

Ingenting er som ein leikande tur til Bislett dagen derpå. I går kveld var det nemleg maraton - maratonkonsert med ein eldre ungdom frå New Jersey på Ullevaal Stadion. Denne gongen var det ikkje min eigen helt, Bruce, men den nest største musikarsonen frå staten, Jon Bon Jovi og bandet hans. Dei var rasande flink og heldt dei 31.000 på Ullevaal i ande i to og ein halv time.

Så i dag blei det ein roleg rusletur rundt i Oslo sentrum først, og deretter joggetur igjennom Oscars gate ned til Bislett. Der blei det leikande lette, private, Bislett Games, med eit par rundar og fire-fem drag. Ein av oss - eg skal ikkje påstå det var meg - fauk lett over 91-hindera som stod ute enno etter leikane for ei veke sidan. Og i dag var det sommar i Oslo som det er meininga den skal vera. På Bislett var det som ei god og varm gryte.

Og apropos: No er Donald Duck-leikane (games-en) på plass i resultatlistene. Me noterer oss at Håvard Rinde (G10) openbart har eit kastetalent. Hans 40,73 i liten ball gir 890 tyrvingpoeng og er fjerde beste Gneist-kastet for gutar i sesongen.

Me noterer også frå Høiehallen i regnveret utanfor hin dagen at Eirik Leikvoll (G13) er i gang igjen i stavgropa etter sin skade. Han svinga seg flott over 2,45. Det høyrer for ordens skuld heime i inne-statistikken. Innesesongen 2010-2011 varer heilt til 30. juni.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar