Me må berre få tak i den, eg tenker på oppskrifta til havregrynsgrauten hos familien Rinde. Spesielt 13-åringen Sondre har hatt ein eventyrleg framgang i 2011-sesongen og driv og er ein slags Bjørn Dæhlie i OL-språket, 17 og nesten eit halvt år etter vinter- OL- eventyret på Lillehammer. gullgrossist som han er der borte under Veidekke-lekene.
Lørdag tok Sondre sitt tredje gull på tre dagar, denne gongen på 60 meter. Først var han suverent best i forsøksheata, med 8,30. Det var fem hundredel berre bak pers, med solid motvind. I finalen var han også etter måten klart best og persa med 8/100, ned til 8,17. (No er det råd å skjela til Fredrik Nesslin sin ti år gamle klubbrekord, på 7,92...)
At Sondre også støtte kula nokre centimeter lengre enn han har gjort før, til 9,51, og tok bronse i den øvinga, styrkar behovet til oss andre for å få tak i oppskrita!
Og... broder Håvard (G10) persa også godt på 60 meter, til 9,69.
I kulissane ventar Vegard (fødd 2006).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar