lørdag 4. juni 2011

Henrik Rodal Gravdal

Ein ny fantastisk dag på Fana Stadion er over. Det hagla med gode resultat og forholda var glitrande for mange øvingar. Denne gongen måtte eg nøya meg med eit par-tre 200 meterar og alle 800 meterane, men du verda kva eg då fekk med meg!

Ei augustnatt i 1996 sprang ein trønder ved namn Vebjørn Rodal ein 800 meter i Coca Cola- og CNN-byen Atlanta på 1:42,58. Det gav OL-gull. Rodal var då 24 år gammal. 11 år tidlegare klarte han den sterke tida 2:11,0 som 13-åring. I dag sprang kometen Henrik Irgens Gravdal (G13) sin 800-debut på sterkaste vis: 2:11,04! Med det sletta Henrik også Sigve Stenersen sin 28 år gamle klubbrekord (2:12,1).

Klubbrekord blei det også på Gjert Høie Sjursen (G11) i diskos (0,6kg). Med 26,63 sletta han Endre Fagerlid sin 17 år gamle rekord.

Vilde Lund Bjørnsen  (J15) oppnådde dagens høgste tyrvingpoeng-sum i Gneist-gjengen med 1053 poeng for sin 200 meter på 25,82. Me noterer det som utomhus-klubbrekord. Det er 1/100 bak hennar innetid frå sist vinter. Monika Benserud (J15) sletta Amalie Tefre Skage sin fem år gamle klubbrekord i tresteg, då ho oppnådde 11,56 med godkjent vind. det er seks centimeter lengre enn Amalie sitt hopp i si tid. I tillegg hadde Monika 11,74, med så vidt for mykje vind.

Til liks med Henrik, så spring Renate Lie (J13) 800 meter utan å få poeng for det, men 2:27,32 er likevel ei særs sterk tid for ein 13-åring, ikkje minst når det blir gjort i skytteltrafikk mellom tresteg-gropa og springebanen. Vel så sterk var likevel Ingrid Næss Johansen (J14) sin 800 meter. Ho flytta persen sin ned til 2:29,45, noko som gjer at Ingrid alt er kvalifisert til 800 meter under neste års UM på Askøy.

Til sist: Her var haugevis av flotte resultat. Siste poenget eg vil nemna er at det var særs god laginnsats i tresteg-gropa mellom jentene på 13 år (langt frå uvanleg), med Cathrine Harris sitt 9,87 som høgdepunktet, og mellom jentene på 11 år (særs gledeleg), der Sanne Lillevik Christensen oppnådde 8,59.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar