mandag 30. mai 2011

Team

Bak på ryggane står det "Gneist Junior". Fire staute ungdommar - i ulik høgde - går rundt omkring i idrettssentrum av Drammen by før sin banestafett-debut i UM-samanheng. Det osar lag, miljø og gode idrettsvener lang veg.

Det er ei god stund sidan IL Gneist stod på startstreken under eit slikt arrangement. Slik sett var det ein milepæl i den nye blømingsperioden for friidretten i Gneist då Stian Norheim la i veg på første etappe på 4 x 600 meter i UM på friidrettsbanen på Marienlyst søndag. På førebuingsmøtet vårt søndag morgon var me samde om at det kunne bli alt frå 3. til 11. plass (det var 11 lag påmeldt). Det blei ein 7. plass, så då hamna midt inni der. Rettnok møtte ikkje to av dei 11 laga, men det høyrer med å stilla. Og det eine laget braut, men det høyrer med å koma til mål. Og Aleksander Lie kontrollerte inn 7. plassen, framfor ærverdige BUL frå Oslo. Mellom der gjorde Søvikheia sine distanse-løparar på gutesida, Anders Bjørndal og Ole Martin Røssland sin del av team-arbeidet.

Me drøymde nok om høgare plassering og om betre tid enn 6:23,4, men me oppdaga at det ikkje var notert klubbrekord på distansen tidlegare... Og her ligg det ei viktig spire: Her ligg det ein tradisjonsstart. Ikkje berre bør Aleksander og Stian ta mål av seg om å vera berebjelkar på neste års lag i Moss, etter der kjem Casper Stenersen og Henrik Gravdal med sitt kompani. Her skal det byggjast lag år etter år.

Då er det kjekt å høyra om at dei yngre ungdommane markerer seg så det syng etter på det vesle AKS-leikane- stemnet på Knarvik. Ein soleklar kandidat til neste års 4 x 600-lag er Stian Ø. Aarvik, som senka 600-persen sin til meir enn småfine 1:36,62 på Knarvik. Og i neste pulje kjem Kristoffer Blücher, som også berre senkar og senkar på 600-pers, no til 1:46,67.

Jentene byggjer sine lag i BFG-anden. Monika Benserud var med på tre stafett-gull i helga, Vilde Lund Bjørnsen på to og Marianne Benserud på eitt. Og i åra som kjem kan det bli fleire Gneist-jenter på felles BFG-lag. Ei som er sjølvskriven, når den tida kjem, er Renate Lie, som er på gang igjen. 600 meter har kanskje vore hennar sterkaste øving, på Knarvik blei det 1:41,39, 1014 Tyrving-poeng og under sekundet ned til Vilde Lund Bjørnsen sin klubbrekord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar