tirsdag 17. mai 2011

Ivrige gutar - før Mailekene

Gratulerer med dagen!

Klokka er 10.15 den 17. mai og eldstemann er på trening på Fana Stadion. I tillegg ventar me spent på Andreas Iden sin sesongdebut på 3000 meter i løpet av dagen. Ivrige?

Då er påmeldingsfristen til det som vermeldarane meiner skal bli forblåste Mai-leikar ute. Det er ein fin bukett med Gneist-deltakarar på lista. For dei aller fleste er deltaking i Haugesund blitt tradisjon, enten dei finn seg bustad i byen på Haugalandet eller pendlar frå vene Sunnhordland.

Pål Haugen Lillefosse og Håvard Rinde skal vera ivrige, flittige maur på Haugesund Stadion, med 60 meter, 600 meter, lengde og kule på programmet i eigen klasse, som 10-åringar, i tillegg til 60 meter hekk i G11 og - for Håvard - deltaking på 4 x 60m laget i G13-14. Både Pål og Håvard kjem til å markera seg sterkt i dei fleste av desse øvingane.

Henrik Irgens Gravdal og Sondre Rinde representerer i G13. 60 meter, lengde, 200 meter og 4 x 60 meter deltar dei i begge to. I tillegg støter Sondre kule og spring 60 meter hekk og Henrik spring 600 meter. Dette er sesongdebuten for Henrik, så ekstra spenning knyter deg seg til han, ikkje minst på 600 meter der han hadde fleire knall-løp i 2010.

G13 har for så vidt ein utøvar - ein løpar - til med, i Casper Stenersen. Men denne gongen er Casper 14-åring som deltakar i G14 på 800 meter og 1500 meter. Her stiller Casper som ein av favorittane, sjølv om han spring mot eldre deltakarar. Sesongopninga hans har vore solid. Ein interessant duell blir det med Stord sin Lars Lunde, som også har vist sterke takter i starten av sesongen. Casper skal også etter planen springa på 4 x 60 meter laget i G13-14.

To tradisjonar knyter seg til Aleksander Lie si deltaking i Haugesund: Han hoppar høgde - einaste staden, med muleg unntak for mangekamp - og han melder mellombels overgang til Bremnes IL. Det siste skjer på eit felles-lag med gode venner på 1000 meter stafett. I tillegg spring Aleksander 100 meter og 800 meter. Aleksander er blitt rask gjennom vinteren og har alt kvalifisert seg til UM på 200 meter. Kravet på 100 meter - 12,40 - er vel i sterkaste laget, eller? På 800 meter pynta han på persen sin under Opningsstemnet sist mandag og her er god konkurranse i Haugesund.

Siste guten ut er Ole Martin Røssland i G16, som spring 800 meter lørdag, der - med atterhald om for sterk motvind... - 2.10- grensa er eit naturleg mål. I tillegg vil 800-meteren vera ei gjennomkøyring før 3000-meteren søndag, der det også vil vera naturleg å pynta vidare på den ferske persen frå Opningsstemnet på 9:17.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar