torsdag 19. mai 2011

Lite oppsamlingsheat

Eg skal ikkje seia at det er stille før stormen.

For det første har eg sagt det før og eg bør såleis i staden seia noko anna. For det andre er det ikkje stille før stormen, det er midt i stormen. Det bles full haust der ute. Fruktbløminga er over før ho er komen skikkeleg i gang, dei fine blomane ligg godt plassert på bakken. Som statistikar gjer eg meg klar til å utvida "medvind/wind-assisted"- feltet monalag etter helgas Mailekene.

Heilt stiller er det heller ikkje sportsleg. I kveld er det rulett på Leikvang, Hovdingrulett-1. Viktigare er det at påmeldingsfristen til det desidert største friidrettsstemnet her lokalt, Framolekene, går ut ved midnatt. Og i morgon, fredag, har rekruttane sitt eige stemne i regi av IL Gneist.

Fristen til årets stafett-NM/UM på bane gjekk ut i går. Arrangementet går på Marienlyst i Drammen siste helga i mai. Påmeldingslistene er ikkje på nokon måte klare enno, så dette kjem me grundig tilbake til, men i alle fall åtte Gneist-utøvarar er klare til dyst: Marianne Benserud, Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen på ulike 4 x 100 meter-lag for BFG Fana, Jørgen Jensen Axelsen og Ole Martin Røssland på BFG Fana sitt 4 x 1500 meter-lag for Menn junior og kvartetten Anders Bjørndal, Aleksander Lie, Stian Norheim og Ole Martin Røssland for Gneist på 4 x 600 meter i 15- 16-årsklassen for gutar.

17. mai sprang Andreas Iden (G16) sin sesongdebut på 3000 meter "heime" i Manchester. Andreas var yngstemann i feltet, som var ganske godt spreidd i kvalitet: vinnaren fekk 8:24, sistemann kom i mål på 9:45. Andreas var først i ei gruppe som sprang i raskaste laget, passerte halvvegs på 4:24, som var godt framfor skjema. Då måtte farten justerast, med det minuset at gode ryggar også måtte sleppast. Likevel blei det ei habil tid: 9:12,89. Det gir 997 poeng på Tyrvingtabellen, noko som er sesongens beste resultat i løp for gutar i Gneist. Andreas toppar med det også norgesstatistikken i klassen både på 800 meter og 3000 meter så langt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar