fredag 13. mai 2011

Som junikvelden på kjerringa

For eit par år sidan innstifta Hordaland Friidrettskrets noko dei kalla "Stor-KM". Det er eit felles kretsmesterskap på bane for klassane frå 15 år og til og med seniorklassane. Det var då ei samanslåing av to arrangement: kretsmesterskapet for aldersbestemte klassar og KM for juniorar og seniorar. Dette gjorde ein fordi begge mesterskapa lei under dårleg deltaking. Utøvarane nedprioriterte rett og slett dette arrangementet i konkurranse med større og gjævare stemne rundtom. Det blei også innført pengepremiar av smålåten art for å få folk til å prioritera KM - ja STOR-KM, til og med.

Siste åra har dette mesterskapet gått på Fana Stadion som eit felles løft mellom aktuelle klubbar. Og det har gått siste helga i juni. Det var også terminfesta til siste helga i juni dette året. Lenge. Ja, heilt inntil slutten av denne veka. Då er det blitt flytta frå 25. og 26. juni - ei helg - til to onsdagar i månadsskiftet august/september. For dei utøvarane som hadde tenkt å bruka Stor-KM som kvalifiseringsgrunnlag for større mesterskap, er dette ein strek i rekningen. Kor vidt dei to onsdagane til hausten er eit godt val, er også eit spørsmål: Den første kjem like etter UM i Fredrikstad, den andre like før Bergenslekene.

Kvifor har ein så endra på dette? Jo, fordi Veidekkelekene går same helga. Det er jo for så vidt ingen dårleg grunn. Men avgjerda om å plassera Veidekkelekene 23. - 26. juni blei teken på tidleg haust i 2010, i eit samarbeid med Tyrvinglekene, som "tok" den faste Veidekke-helga for å unngå pinsehelga dette året. Datoen for Veidekke 2011 blei også omtalt på denne bloggen 3. februar. Så er det nemnt.

Så kan ein undra seg over kvifor kretsen først no har oppdaga dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar